Les med meg

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Austrheim bibliotek
Samlet støtte:75 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2023

Søknad

Mål

«Les med meg» er eit prosjekt kor me har som mål å nå spesielt ut til foreldre med barn i barnehage-/skulealder. Me ønskjer å etablera eit tettare band til foreldregrupper, og me ønskjer å vera med på å skapa engasjement rundt det å lesa, det å lesa høgt for kvarandre, og det å lesa i lag med kvarandre.

Beskrivelse

Me vil formidla leseglede til barn og foreldre.

I Austrheim har me fokus på dei unge lesarane våre, barna og ungdommane.

Her blir alle nyfødde med foreldre inviterte til «hagefest» på kommunehuset, kor barna får utdelt eit spesialdesigna Austrheim-smykke, som ein gest for å visa at me sit pris på nye verdsborgarar i kommunen. Biblioteket er også involvert i denne hagefesten, med høgtlesing, bokprat og bokutstilling. Me nyttar altså høvet til å komma tildleg på bana, og til å presentera biblioteket og dei tilboda me har. Me ønskjer å nå småbarnsforeldra i kommunen frå «dag 1». Dette har me no gjort dei to siste åra, og det er dermed etablert som ein ny tradisjon.

Me skulle gjerne sett fleire unge vaksne og småbarnsforeldre her på biblioteket, og har lenge hatt eit ønskje om å nå spesielt ut til desse målgruppene. I denne omgang vil me fokusera på foreldra. Me ønskjer å vera med på, og å hjelpa foreldre med å settja fokus på lesing heilt frå ungane er små. Foreldre som er interesserte i og opptatt av lesing og bøker er gode og viktige leseførebilete for ungane.

Austrheim folkebibliotek er eit kombinasjonsbibliotek og har allerede fleire faste opplegg i fleire klassetrinn, som t.d. Leseknappen for 2. klasse.

1. klasse blir i dag inviterte til biblioteket og får utdelt lånekort og biblioteknett saman med eit kulturelt innslag. Me ønskjer å ta turen ut or biblioteket, og å bli eit fast innslag på foreldremøtet til 1. klasseforeldra framover. Foreldremøte er ein fin arena å nå ut til dei viktige foreldra på.

«Barn som blir lest for hjemme, og som har foreldre som leser mye selv, har gode forutsetninger når de begynner på skolen.» (Lesesenteret/Universitetet i Stavanger)

Me har valt å kalla prosjektet «Les med meg» – med vekt på «med» – for å formidla kor viktig det er at dei vaksne ikkje berre les For barna, men at dei viser at dei sjølve også har glede av lesing. Når barna har lært seg å lesa sjølv, kan ein jo lesa i lag utan at ein les same boka. PISA-undersøkingar viser at det er samanheng mellom det å vera glad i å lesa og prestasjonar på skulen.

Me vil invitera foreldre i småskulen (1.-3. klasse) til samlingar på biblioteket kor me snakkar om viktigheten av lesing og høgtlesing, og om å lesa i lag. Om å gjera lesing til ein naturlig del av kvardagen. Som nynorsk-kommune vil me fokusera på formidling av gode, nynorske barnebøker. For at foreldra skal gå føre som gode eksempel, vil me også formidla nyare litteratur for vaksne.

«Les med meg»: Me vil også invitera til felles lesestunder for vaksne og barn i Austrheimstova, på biblioteket, og ute i parken framfor kommunehuset.

Biblioteket vil samarbeida med alle i sektor oppvekst og kultur for å fremja leselyst og lesedugleik: kommunalsjef, PPT, skule, barnehage og kultur. I tillegg vil me samarbeida med helsestasjonen om opplegg for småbarnsforeldre.

Me ønskjer at tiltaka me startar opp i prosjekt «Les med meg» skal bli «fast inventar» i biblioteket si satsing framover.