Les, lær, lån og fortel

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Enebakk bibliotek
Samlet støtte:75 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2022, 2023

Søknad

Rapporter

Lenker

Tilleggsinformasjon

  • Tiltaket er forskjøvet når det gjelder opprinnelig tidsplan til våren 2023

    Publisert: 03. mai 2022

Mål

Hovudmål med prosjektet er å skape eit betre og meir forpliktande samarbeid med barnehagar. Auke utlån av bøker. Auke bibliotekets synleggjering blant foreldregruppa. Nå nye lånarar. Auke kunnskapen om bøker blant tilsette i barnehagen. Prøve ut formidling for ulike aldersgrupper i barnehagen for å finne ut kva gruppe eit besøk frå biblioteket er optimalt for. Hauste erfaringar kring barnehagebibliotek. Målbart effektmål = doble talet frie henvendelsar frå barnehagar i løpet av året. (Me har anslagsvis 24 slike i løpet av siste år)

Beskrivelse

Enebakk bibliotek har eit greitt samarbeid med barnehagane i kommunen, men per i dag er det litt tilfeldig kven som får eit tilbod. Siste året har barnebibliotekaren etablert eit månadleg e-brev om nye bøker til personale ved barnehagane. Dette har vore eit første skritt på veg til å oppnå kontakt. No vil me ta dette lenger.

I Enebakk er det 12 barnehagar. Me vil ha fire lesestunder i kvar av barnehagane i løpet av eit år. Me vil fordele besøka på ulike avdelingar og ulike alderstrinn for å prøve ut kor formidlinga fungerer godt. Ut frå desse erfaringane sjå kva grupper som skal få fast tilbod vidare. Vidare vil me tilby dei ulike avdelingane barnehagebibliotek. Dette vil vere ein fin introduksjon til biblioteket for foreldra. Barnehagebiblioteket blir skifta tre gonger i løpet av perioden. I tillegg vil våre tilsette tilby eit opplegg for foreldremøta til barnehagen. vårt mål er å rekruttere nye lånarar til biblioteket.

Enebakk er ein kommune som er i vekst, men veksten skjer i ytterkantane. Difor er det ekstra viktig at biblioteket vårt som ligg i midten kjem ut til dei meir folkerike tettstadane Flateby og Ytre Enebakk. Me ser at me i endå større grad treng å bli synlege slik at nye innbyggarar i kommunen skal bli klar over at biblioteket finst og at me har eit tilbud til dei. Me trur at denne brukargruppa kanskje er den viktigaste av alle; dei små barna som me håpar vil ha nytte av biblioteket gjennom heile livet.

Den siste delen av prosjektet er å knytte kontaktar blant dei tilsette i barnehagen. Biblioteket samarbeider med barnehagekonsulent for å lage eit opplegg med formidling av bøker som når flest mulig av dei tilsette. Målet her vil vere å få ned terskelen og gjere det enklare å ta kontakt med bibliotekets personale for framtidig samarbeid. Dessutan ønsker me å synleggjere biblioteket som eit ressurssenter for barnelitteratur.

Effektmål av tiltaket:
• auke utlånet av bøker
• auke besøket av barn (og foreldre) og barnehagar til biblioteket
• auke synleggjering av biblioteket
• nyinnflytta innbyggarar/foreldre får kunnskap om biblioteket
* rekruttere nye lånarar til biblioteket
• betre kunnskap om kva biblioteket kan tilby
• knytte kontaktar mellom biblioteket og barnehagetilsette
• senke terskelen for barnehagar for å ta kontakt med biblioteket
* kompetansehevande tiltak
* personale i barnehagane lærer meir om nye bøker for barnehagebarn

Prosjektet vårt og bibliotekets arbeid med barnehagar vil inngå i den nye kulturplanen for Enebakk som er under arbeid på lik linje med dei andre prosjekta me har gjennomført siste åra som arbeid med skolebibliotek med støtte fra Udir (2019/2020) og arbeid med utadretta formidling til skolar (Prosjektet: Ut på bygda, inn i bøkene med støtte fra NB) Alt me lærer ut fra prosjekta vil vere utgangspunkt for bibliotekets vidare og meir varige satsingsområder framover.