«Denne boka!»: Oppbygging av ei fast formidlingsgruppe ved fire bibliotek i Nordhordland
Søknad
Rapporter
Mål
1. Auke utlånet ved biblioteka og auke kjennskapen til litteratur og relevante bibliotektenester ved direkte formidling av litteratur utanfor biblioteklokala og digital formidling.
Effekten av tiltaka vil bli målt ved å sjå på statistikk over aktive lånarar, nye lånarar, utlån av formidla materiale.
2. Utvikle kompetanse i formidling gjennom praksis.
Utvikle samarbeidet mellom biblioteka ved å opprette ei fast formidlingsgruppe som vil formidle litteratur på tvers av kommunegrensar.
Effekten av tiltaket vil bli målt på talet på gjennomførte formidlingsarrangement.
3. Skape eit interkommunalt samarbeidsforum for formidling som skal halde fram i ordinær drift etter prosjektperioden.
Beskrivelse
Kvar for seg har ikkje biblioteka nok personalressursar til å utvikle formidlingstiltak utanfor bibliotekrommet. Vi ønskjer å skape rom for meir formidling gjennom å etablere ei formidlingsgruppe med representantar frå alle kommunane. Gruppa vil bestå av åtte bibliotekarar. Dei skal saman planleggja formidlingsarrangement som to og to arbeider vidare med og gjennomfører i alle kommunane. Gjennom felles planlegging, tilbakemelding og bearbeiding etter kvart gjennomførte arrangement, vil deltakarane få ei trygg ramme rundt kompetanseoppbygging og formidling.
Biblioteka formidlar mest litteratur til barn i leseslukealderen. Derfor ønskjer vi å nå ut til grupper blant ungdom og vaksne som vi til no har formidla lite til og som ikkje naudsynleg er faste gjestar på biblioteka. Det er naturleg å samarbeide med eventuelle ungdomsråd i kommunane for å finne fram til gode formidlingsplassar, til dømes ungdomsklubbar, sportsklubbar, osb. Tilsvarande vil vi samarbeide med kulturråd o.l. for å finne fram til aktuelle formidlingsarenaer for vaksne, til dømes i songkor, sogelag eller på arbeidsplassar. Tilsaman skal det gjennomførast fire ulike fysiske formidlingsarrangement utanfor biblioteket i kvar kommune. To retta mot ungdom, to retta mot vaksne, i alt 16 formidlingsoppdrag. To av deltakarkommunane har bokbuss.
Det er særleg to formidlingsformar vi vil prøve ut. Bibliotekarbesøk med bokprat, og popupbibliotek på stader der folk møtast. To av deltakarkommunane har bokbuss som kan nyttast som popupbibliotek på formidlingsplassane.
I tillegg skal det prøvast ut eit digitalt formidlingsopplegg til kvar av målgruppene. Eit døme kan vere oppretting av ein instagramkonto (nhung), der ein del av opplegget vert å involvere lokal ungdom.
Vi søkjer om midlar til frikjøp av personale til å utvikle og delta på formidlingstiltaka, tid til kompetanseutvikling og til å etablere ei fast formidlingsgruppe i Nordhordland.