Barnebokbad og booktok

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Herøy (Møre og Romsdal) bibliotek
Samlet støtte:300 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2023, 2024

Søknad

Tilleggsinformasjon

  • Tiltaket er utsatt i henhold til opprinngelig tidsplan til og med 2024.

    Publisert: 30. oktober 2023

Mål

Folkebiblioteka i Sande, Hareid, Ulstein og Herøy ønsker med dette prosjektet å forbetre vårt tilbod til skulane. Kommunane Herøy, Sande og Ulstein er i gong med ei lesesatsing og utarbeider ein leseplan for skulane der meir bruk av biblioteket skal inngå. Vårt prosjekt vil inngå i denne satsinga. Prosjektet skal føre til meir formidling utanfor biblioteket og digitalt, og nå grupper som ikkje vanlegvis besøker biblioteket.
På sikt er målet at dette er starten på eit kontinuerleg samarbeid med skulane, som kan utvidast til fleire klassetrinn og fleire arrangement, spesielt for grendeskulane som har lang veg til folkebiblioteket og vanskeleg for å kome dit i kvardagen.

Beskrivelse

Folkebiblioteka skal sette saman ei samarbeidsgruppe på tvers av kommunane, som skal utarbeide to formidlingsprosjekt til skulane.

For 4. trinn vil vi arrangere barnebokbad på 1-2 skular i kvar kommune. Til kvart bokbad blir ei klasse velt ut til å arbeide med ei bok etter metoden i barnebokbad for å førebu eit bokbad med ein forfattar på skulen. Til bokbadet vil forfattaren av boka bli invitert og alle elever på 4. trinn blir invitert til å sjå bokbadet. Biblioteka vil jobbe med klassane for høgtlesing av boka og dei tre samtalane i førebuing av bokbadet.

For ungdom ønsker vi å lage ein booktok i lag med elevar på 9. trinn. Elevane kan sjølv velje kva bøker dei vil lese og lage ein video til tiktok om boka. Målgruppa for bokmeldingane er 7.-10. trinn.

Tidsplan:
Våren 2023: Førebuing av prosjekt. Planleggingsmøte i samarbeidsgruppa. Opprette kontakt med skulane og lærarar. Velje klassene som skal bokbada forfattaren. Finne elevar som vil lage videoar til tiktok. Booke forfattar til bokbad.

Skulestart 2023: Lansering av tiktok. Videoar leggast ut fortløpande utover hausten, ein video i veka.

September-oktober 2023: Høgtlesing av boka i klassene som skal bokbada forfattar.

November 2023: Dei tre samtalane i barnebokbadmetoden gjennomførast med klassene. Barnebokbad blir halde i alle kommunene.

Dette er to formidlingsprosjekt vi trur vil gi elevane positive opplevingar med litteratur, auke lesegleda og gjere dei meir positivt innstilte til å oppsøke bøker og biblioteket på eiga hand.
Viss skulane og elevane tek godt i mot tiltaka håper vi dette vil vere godt forankra i kommunenes lesesatsing som vil gi lokale midlar til å vidareføre prosjekta fast i åra framover.

Effektmål: Fleire barn og unge oppdager folkebiblioteka og tek i bruk tenestene våre. Tettare samarbeid med skulane.