Lokalhistorisk dugnad

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Vestfold og Telemark fylkesbibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Nye formidlingsmetoder, Nye samarbeidsformer og partnerskap
Samlet støtte:130 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2017, 2018

Søknad

Rapporter

Mål

• Gjere biblioteka i Telemark til ein møteplass og ein stad for workshops for lokalhistorieinteresserte i sine område. Arbeidet siktar mot å:
o auke aktivitetsnivået i biblioteka
o auke bruken av dei lokalhistoriske samlingane
o bidra til at lokalhistoriewikien blir eit oppslagsverk dei bibliotektilsette kan nytte i sitt daglege arbeid
• Auke fokuset på lokalhistoria i Telemark ved å opprette arbeidsgrupper i kommunane som skal arbeide med å produsere artiklar på nettstaden lokalhistoriewiki.
• Ved å involvere Norsk Lokalhistorisk Institutt (NLI) i arbeidet kan ein sjå på dette som eit pilotprosjekt med stor overføringsverdi til andre fylke. NLI har aldri før gjennomført eit så omfattande prosjekt der alle kommunar i eit fylke involverast.

Beskrivelse

Interessa for å gå på skattejakt i fortida ser ut til å ha auka, der kartet blir til undervegs i prosessen, og der målet endrar seg etter kvart som nye hendingar og personar kjem til.
TV-program som «Hvem tror du at du er» gjev innsikt og innhald i vår eigen identitet, jamvel om det ikkje er si eiga slekt det blir sett fokus på. Slektshistoria er ofte sterkt knytt saman med lokalhistoria elles, og kjeldene til fortida finn ein både i bibliotek og arkiv for dei som jaktar på historia.

Telemark fylkesbibliotek og Telemarksarkivet har hatt innleiande møte om å gå saman om prosjektet «Lokalhistorisk dugnad». Ideen er å synleggjere lokalhistoria frå Telemark gjennom informasjonsmøte og kurs/workshops, i nært samarbeid med folkebiblioteka i Telemark, som stiller med lokale og dreg nytte av sine nettverk og kontaktar i historielag etc.
«Lokalhistorisk dugnad» er ei sidegrein til prosjektet «Regional bevaringsplan for privatarkiv i Telemark – utvikling av ei wiki-basert tilnærming», i regi av Telemarksarkivet. NLI og deira nettstad lokalhistoriewiki (LW) er ein sentral samarbeidsaktør i det prosjektet. Prosjektet «Regional bevaringsplan….» er finansiert av dei tre konsoliderte musea i Telemark (Vest-Telemark Museum, Telemark Museum og Norsk Industriarbeidermuseum), og gjennom utviklingsmidlar frå arkivverket.
I prosjektet «Regional bevaringsplan…» ser ein at artiklar om Telemark er underrepresentert på nettstaden LW, og eit av måla for «Lokalhistorisk dugnad» er å etablere arbeidsgrupper som skal jobbe med produksjon av artiklar i alle kommunar i Telemark. Gjennom dette nye prosjektet kan arbeidsgruppene nytte seg av biblioteka sine lokalhistoriske samlingar og Telemarksarkivet sine arkiv. Slik vil me auke aktivitetsnivået i biblioteka samstundes som me legg til rette for opplæring i digital kompetanse, kjeldearbeid og ta i bruk dei lokalhistoriske samlingane på biblioteka.

Prosjektet vil og auke kontakten mellom biblioteka i Telemark og Telemarksarkivet. Gjennom samarbeidet med Telemarksarkivet får dei bibliotektilsette større innsikt i kva for lokalhistoriske kjelder som eksisterer frå Telemark. LW er eit godt verkty både for å finne informasjon om tema og lenker til kvar ein kan gå vidare for å finne meir. Oslo Byarkiv er eit døme på ein institusjon som allereie nyttar nettstaden på denne måten. Litteraturtilvisingane kan lenkast direkte opp mot den digitale bokhylla til Nasjonalbiblioteket, til arkivoversiktene på Arkivportalen, til samlingane på Digitalt Museum eller til andre relevante nettstader.