Ny poesiformidling i biblioteket
Søknad
Mål
1. Gjennom samarbeid med Hauge-senteret, forfattarar, lokale lag og andre instansar skal biblioteka i Voss og Hardanger verta ein stad for sterke opplevingar gjennom ny å formidla poesi på nye måtar.
2.Prosjektet skal auka kompetansen til dei tilsette i biblioteka i Voss og Hardanger både når det gjeld litteraturkunnskap og formidling.
Beskrivelse
Formidla poesi på nye måtar gjennom samarbeid og ved studiebesøk, seminar og aktiv formidling. Gjennomføra nye tiltak i alle biblioteka, men gjerne ulike tiltak i dei ulike kommunane.Finna ut i kva grad Olav H.Haugesenteret kan vera ein ressurs for biblioteka i arbeidet med poesiformidling. Aktuelle tema er:
Allverdas poesi – samarbeid med norskopplæring for innvandrarar
Songpoesi :Samarbeid med lokale kor og musikarar
Poesi og livet, mellom anna Poesi og ung sorg (jfr.poesien sin funksjon etter Utøyatragedien).
Barnepoesi
Poesiverkstader for ulike aldersgrupper
Skrivekurs – ulike sjangrar innan poesien
Konsertar
Studieturar
Seminar for bibliotektilsette
Prosjektet byggjer på eit etablert samarbeid mellom biblioteka i Voss og Hardanger.