1. april heile året. Digital tryggleik for eldre på biblioteket

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Vestland fylkesbibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Demokrati og ytringsfrihet
Samlet støtte:500 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2025, 2026

Søknad

Mål

Effektmål:
– Styrke folkebiblioteka sin rolle som del av den digitale beredskapen
– Utvikle evna til refleksjon, kritisk tenking og digital dømmekraft hos den eldre delen av befolkninga
– Legge grunnlag for at fleire kan vere digitalt sjølvhjulpne

Resultatmål:
– Utvikle og prøve ut interaktiv utstilling om kjeldeforståing, kjeldekritikk og kjeldebruk retta mot eldre med låg digital dugleik og kompetanse
– Utvikle opplegg for opplæring som del av utstillinga
– Prøve ut utstilling og opplæring i bibliotek i fylket

Beskrivelse

Samandrag
Ved å utvikle og prøve ut interaktiv utstilling om kjeldeforståing, kjeldekritikk og kjeldebruk retta mot eldre med låg digital dugleik og kompetanse, vil vi bygge vidare på dei vellukka erfaringane med “Jakta på sanninga” og samarbeidet med Tenk.no. Gjennom heilskapleg opplegg der eldre kan teste seg sjølv i trygge rammer på biblioteket, kan fleire kome i gong med andre eksisterande sjølvhjelpsressursar for digital opplæring. På denne måten kan ei interaktiv utstilling vere med å bøte på den manglande kapasiteten kommunane har til å styrke dei eldre innbyggjarane sitt behov for auka digital kompetanse og tryggleik.

Bakgrunn
Digdir estimerer at om lag 20 prosent av den vaksne befolkninga er sårbare i møte med offentlege digitale tenester, og den største delen av desse er eldre. Folkebiblioteka har ei sentral rolle i å styrke den digitale beredskapen. Dagleg rettleier bibliotektilsette eldre brukarar om ulike digitale utfordringar i eit stadig endra informasjonslandskap. For mange er folkebiblioteka ein trygg stad dei får hjelp til digitale offentlege og private tenester, som er heilt sentrale for å meistre kvardagen. Mange bibliotektilsette peikar på behovet for metodar for å hjelpe fleire.
Sjå fullstendig skildring av bakgrunn i vedlegget.

Kjeldebevisstheit for digitalt sårbare eldre
Å utvikle evna til refleksjon, kritisk tenking og digital dømmekraft blir stadig viktigare i arbeidet med digital inkludering. Digitalt sårbare eldre er ekstra utsett for påverknad og utnytting. Utviklinga med generativ KI i tillegg til det urolege verdsbildet, gjer mange særleg uroa for digitale utfordringar. I denne målgruppa kan det føre til at dei heller lar vere, enn å prøve seg på eige hand. Med grunnleggjande kjeldekritikk og kjeldetillit kan fleire bli rusta for å gå vidare i å meistre digitale offentlege og private tenester i kvardagen. Utan dette vil mange aldri bli digitalt sjølvhjulpne.

Kvalitetssikra oppdatert innhald i samarbeid med Tenk.no
I dette prosjektet vil Tenk utvikle oppdaterte og tilpassa ressursar om kjeldebevisstheit for eldre med låg digital kompetanse. Innhaldet må tilpassast både i forma og i høve kva som er aktuelt og relevant for denne målgruppa, og kan også bygge vidare på biblioteket som ein sosial møteplass. I utgangspunktet foreslår dei to læringsløyper; ei for e-post og offentleg digital kommunikasjon, samt ei for sosiale medium. I tillegg vil dei utvikle ein samtaledel der dei som gjennomfører utstillinga får ulike konkretar som støtte for ein god metasamtale rundt digital tryggleik. Målet er å skape tillit til sikre kjelder med til dømes offentleg informasjon, og kritisk sans til usikre kjelder med til dømes svindel og propaganda. Gjennom ei overbygging (t.d. film og tekst) som gir kunnskap om endringane i informasjonslandskapet i ei uroleg verd, kan ein trygge denne målgruppa i at det er fullt mogleg å lære seg metodar for digital beredskap.

Tenk i samarbeid med Back vil stå for utstillingsløysinga. Ved å bruke nettbrett/skjerm i staden for tilpassa modular, vil dei utvikle ei fleksibel og rimeleg løysing som er enkel for fleire å ta i bruk, og godt tilpassa denne målgruppa

Austevoll kommune
Austevoll kommune har brei erfaring i å drive digital kompetanseheving for eldre og andre, i regi av folkebiblioteket. Sidan 2021 har Odd Harald Opdal (tilsett som bibliotekleiar frå april 2025) hatt samlingar kvar veke for eldre. I tillegg til samlingane kan ein få ein-til-ein-hjelp. Satsinga har vore finansiert gjennom Seniornett Austevoll, E-helse Vestland og KMD, i tillegg til kommunen. Frå 2023 har dei hatt ei 20% prosjektstilling og frå 2024 blei det ei fast 20% stilling i kommunen. Opdal koordinerer, planlegg og gjennomfører to økter kvar veke, ei for eldre på biblioteket og ei for andre vaksne på frivilligheitssentralen. Han samarbeider også breitt med offentlege og private aktuelle tenestetilbydarar, som er inne i nokre av øktene og presenterer tenestene sine.
Austevoll bibliotek i samarbeid med frivilllige (KS Digihjelpen 21.10.22)
Norge rundt med base frå Seniorsurfen: Norge Rundt – NRK TV

Austevoll kommune er ein viktig ressurs for erfaringsdeling i Vestland og elles i landet i arbeidet med digital inkludering. I dette prosjektet kan vi spele vidare på den breie kunnskapen og erfaringane dei har med organisering, samarbeid, marknadsføring osb. til ulike målgrupper.

Odd Harald Opdal har merka seg uroa for utviklinga med KI særleg hos dei eldre, og behovet for å trygge dei. I opplæring kring kjeldebevisstheit og svindelforsøk i ulike informasjonskanalar har han introdusert uttrykket “Tenk litt som om det er 1. april heile året”. Ver litt skeptisk, men ikkje la ver å prøve. Det er enklare enn du kanskje trur å vere trygg digital brukar.

Prøve ut utstilling og opplæring i bibliotek i fylket
Gjennom samarbeid med Austevoll kommune, kan vi prøve ut utstillinga med ulike tilpassa opplegg, og bygge vidare på deira satsing.

På same måte som kompetanseheving av bibliotektilsette i opplegget og formidlinga av utstillinga og tema i seg sjølv har vore sentralt i å tilby “Jakta på sanninga”, vil vi drive opplæring i å tilby og ta i mot denne nye utstillinga.
Nettkurset “Digital kildebevissthet i biblioteket” er eit godt grunnlag for å heve bibliotektilsette sin kompetanse i og formidling av kjeldebevisstheit til ulike målgrupper. Gjennom diskusjonssamlingar i nettkurset erfarer vi at enkle ferdige opplegg kan hjelpe fleire bibliotektilsette til å setje i gong med aktivitetar. Likevel er det stort behov for enno meir heilskaplege ferdige opplegg.

Med opplegg og tilpassing mot digitalt sårbare eldre med ulike utfordringar og nivå, kan utstillinga vere godt grunnlag for å vise veg vidare inn i eksisterande sjølvhjelpsressursar for digital opplæring, og generelt gjere fleire i stand til å meistre den digitale kvardagen.

Profil og marknadsføring
Materiale vil ha Tenk sin profil og dette blir ein del av deira samla formidlingsmateriale som bibliotek og andre kan nytte.

I tillegg er ein marknadsføringskampanje inkludert i prosjektet med nettkurset “Digital kildebevissthet i biblioteket”, som blir utarbeida no våren 2025. Målet med kampanjen er å setje fokus på kjeldebevisstheit og vise brukarane at dei kan kome på biblioteket for å auke kunnskapen om dette og få hjelp. Kampanjen vil vere ei styrke i å nå ut også til den eldre befolkninga, og kan brukast også i nye prosjekt som dette.

Deling og kunnskapsoverføring
Læringsopplegg og materiale kring utstillinga vil ligge på Tenk.no og kan delast frå Kompetansebanken.

Med fleksible verktøy i staden for eigenproduserte modular, kan utstillinga spreiast til fleire på enkel og rimeleg måte.

På same måte som “Jakta på sanninga” vil vi lage turneplan for deling av utstillinga til biblioteka i fylket og evt. fleire som ønskjer den.

Vi vil drive kunnskapsoverføring i nettverka med dei andre fylkesbiblioteka og elles kanalar og møtestadar for bibliotektilsette i Noreg.

Bibliotekutvikling Vestland og Austevoll bibliotek har delteke og delt erfaringar på fleire fysiske og digitale samlingar i regi av KS Digihjelpen. Dette prosjektet er naturleg å spreie også i dette nettverket og deira kanalar.

Vi har også god erfaring med at samarbeid med Tenk.no gir oss drahjelp i setje søkelys på biblioteka sin rolle i digital beredskap, og vil bygge vidare på dette i nye prosjekt.