Lesekondis og leselyst i Stryn

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Stryn bibliotek
Samlet støtte:75 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2022

Søknad

Rapporter

Mål

Bidra til å auke leselysta og lesekondisen til barn i kommunen.
Få auka opp formidlingskompetansen vår retta mot barn og unge.
Rekruttere nye brukargrupper til biblioteket.
Måle effekt ved besøk og utlån i biblioteket.

Beskrivelse

Stryn bibliotek ønskjer å søkje om midlar til aktiv litteraturformidling spesielt retta mot barn og unge. Prosjektet er tenkt som eit todelt prosjekt, der den eine delen er tenkt inn mot to spesifikke klassetrinn, medan den andre delen er meir generell og retta mot foreldre og lærarar til barn og unge i kommunen.

Besøk på skuletrinn
For nokre år tilbake fekk vi midlar til eit prosjekt kalla «tidlege bokormar». Prosjektet gjorde at vi fekk i gang eit veldig godt samarbeid med barnehagane i kommunen. Barnehagane i kommunen ønskjer at vi skal halde fram med dette, og det ønskjer vi også. Vi ser likevel at arbeidet inn mot skulane ikkje har blitt prioritert på same måten. Dels på grunn av at vi ikkje har opplevd så mange spørsmål om formidling frå den kanten, og fordi vi ikkje har hatt kapasitet til meir når barnehagane i kommunen har vore så ivrige som dei har vore.

Vi vil søkje om midlar til regelmessige besøk på to skuletrinn, på førstetrinn og åttandetrinn. Grunnen til at vi vil tilby dette berre til to skuletrinn er fordi vi å sjå om vi kan måle noko effekt ut av dette i form av meir besøk av elevane på biblioteket, og ved å sjå om det er mogeleg å sjå noko effekt i form av auka leselyst og lesekondis. Vi vil då få eit tettare forhold til elevane i desse klassane og kan både kjenne dei att ved besøk på biblioteket, og ha ei tettare kontakt med lærarane på trinna. Vi søkjer om midlar til å ha dette i eitt år, men vi ser for oss at vi vil følgje desse klassane i tre år for å verkeleg sjå målbar effekt. Vi vil knytte opplegget oppimot læreplanen til trinna, slik at vi også kan dekke nokre av kompetansemåla og tema som dei jobbar med i dette tidsrommet.

I prosjektet ønskjer vi først og fremst å fokusere på boka og tekstar. Nyare forsking viser at om vi kanskje les fortare digitalt, så forstår vi ikkje meir, men heller mindre. Vi treng rolege tekstar, tekstar som forklarar oss tema eller tek oss med på indre reiser til andre plassar. Skulen har også fått nye læreplanar, der ein skal ha større fokus på djubdelæring. Vi vil vere med på å bidra til at barn og unge får meir innsikt i kva som er å finne av litteratur. Vi vil vere med å trene lesekondisen deira, og såleis også evna til refleksjon. Dette må jobbast med over tid. Vi håpar å påverke både elevar og lærarar til å sjå at all tid brukt på lesing ikkje er vekkasta, at uthald i lesing aukar forståing for faget, men også for livet og verda rundt oss.

Besøke på foreldremøter og planleggingsdagar
I den andre delen av prosjektet ønskjer vi å søkje om midlar til å invitere oss sjølv ut til foreldremøter og planleggingsdagar på skulane, og i barnehagane i kommunen. Det sistnemnde fordi vi veit kor avgjerande det er med tidleg start når det gjeld høgtlesing og leselyst. Dette vil ikkje berre vere til dei to trinna vi skal følge regelmessig, men eit tilbod til alle barnehagane og skulane i kommunen. Vi trur også at foreldra og lærarar er ein viktig nøkkel til å dra fleire inn på biblioteket. Ved å informere foreldre og lærarar om tenestene våre og kva vi kan tilby, og ikkje minst viktigheita av å lese, vil vi kunne nå nye brukargrupper som tidlegare kan ha hatt ein høg terskel for å bruke biblioteket. Vi trur at til betre kjend eit tilbod er til større sjanse er det for at folk til slutt vil bruke det. Det å få komme og snakke direkte til folk, og på ein slik måte at dei føler seg personleg invitert inn på biblioteket trur vi er viktig.

Opplegg
Tre besøk i kvar klasse på våren og tre besøk i kvar klasse på hausten. Det er to klassar på førstetrinn og tre klassar på åttande trinn. I tillegg vil vi plassere ut depot i klassane som står der til neste gong vi kjem innom. Vi ønskjer også å bruke våren 2022 til å starte med besøk på foreldremøte og planleggingsdagar. I tillegg vil vi bruke litt tid på å møte lærarane i klassane vi skal besøke for å få informasjon om skuleåret, og førebu dei på opplegget.