«Lese er for hjernen, det mosjon er for kroppen» – eit formidlingsprosjekt i tre deler

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Stryn bibliotek
Samlet støtte:75 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2021, 2022

Søknad

Rapporter

Tilleggsinformasjon

  • Utsatt deler av tiltaket til våren 2022.

    Publisert: 22. november 2021

Mål

Stryn bibliotek ønskjer å gjennom aktiv formidling og utprøving av nye formidlingsmetodar å
– nå ut til grupper som vi ser lite på biblioteket
– gjere biblioteket meir synleg
– auka leselyst
– få fleire lånarar/auke utlånet vårt

Beskrivelse

Stryn bibliotek søkjer om midlar for å drive meir formidling utanfor biblioteket sine lokale. I ein hektisk bibliotekkvardag er det vanskeleg å nå ut til fleire grupper enn dei som vanlegvis besøker biblioteket. Det er lett for at biblioteket berre blir ein stad for dei som allereie les bøker, og som har bøker heime i hyllene sine. Då er biblioteket ikkje lenger sosialt og litterært utjamnande, men ein stad som reproduserar skilnadar. Målet må vere å nå breiare ut, og dersom folket ikkje kjem til oss så må vi komme til dei.

Vi vil søkje om midlar til å utvida personalressursane våre i ein periode for å drive formidlingsarbeid som først og fremst skal skje utanfor bibliotekrommet. Vi ser på dette som eit prøveprosjekt som vi kan utvide til fleire grupper etter kvart som vi haustar erfaringar frå dette prosjektet. I tillegg er det eit mål at alle på biblioteket skal få trene seg i formidling for fleire grupper slik at vi kan bli tryggare i denne rolla framover.

Prosjektet er tredelt og vil fokusere på dei tre aldersgruppene: Ungdom, vaksne og eldre. Meir konkret ønskjer vi å nå
– eit aldersbestemt lag Stryn fotball
– ei bedrift i Stryn
– Stryn omsorgssenter, og Stryn og Hornindal Pensjonistlag

Fotballag
I Stryn står fotballen høgt. Dei aller fleste barn i Stryn er med på aldersbestemt fotball i barndomen, Vi er inspirert av Foreningen !les sitt hattrickprosjekt, og ønskjer å sjå om vi kan få til noko liknande i Stryn. Mange ungdomar les mindre på fritida enn tidlegare. Noko av grunnen til dette kan vere at både lekser og fritidsaktivitetar tek meir plass. Det at fotballen samlar så mange barn og unge gjer at vi ser eit stort potensial for å gjere litteratur og formidling tilgjengeleg for denne gruppa. Vi ønskjer å bringe bøkene ut på fotballarenaen for slik å vise at bøker og idrett kan foreinast. Tidlegare fotballspelar og trenar, og no forfattar, Arild Stavrum har framheve korleis bøkene og fotballen lever i ein slags symbiose: til meir han les, til betre spelar han fotball, og til meir fotball han spelar, til betre les han. Bøker kan vere ein motsats til det travle livet ungdomen lever, ein kan lese bøker for å kople av og kose seg, og det treng ikkje vere berre noko ein driv med fordi ein skal lære avkoding. Vi ser for oss at vi besøker fotballaget to gongar i løpet av sesongen, ein gong på starten og ein gong på slutten. I tillegg ønskjer vi å plassere ut eit bokdepot i klubbhuset til idrettslaget som vi skiftar ut ein gong i månaden.

Bedrift
Stryn er ei kommune med få offentlege arbeidsstadar, men med eit næringsliv som består av mange mellomstore bedrifter innan ulike næringar. Ein del av desse arbeidsstadane er også stadar der mange ikkje har høgare utdanning. Statistikken viser at bokforbruk ofte heng saman med lengda på utdanninga. Vi ønskjer difor å fokusere på ei av desse bedriftene og besøke dei på arbeidsstaden. Vi ser for oss kantinetreff der vi kan møte dei og få folk til å snakke om lesing, gjere dei merksame på at å lese ikkje berre treng å vere bøker, men også magasin, fagblad, fagstoff, teikneserie. Gjere lesinga til noko allment, uavhengig av yrke og bakgrunn. Snakke om tenestene våre, både dei fysiske og digitale. Vi vil besøke bedrifta fire gongar i året der vi både snakkar om lesing og tenestene våre, og i tillegg legg opp til formidlingsstunder. Vi ønskjer også å plassere ut bokdepot i bedrifta.

Eldre
Dei eldre i kommunen er ein stor ressurs som vi ønskjer å nå meir ut til. Vi ønskjer å etablere eit samarbeid med dei to sjukeheimane i kommunen gjennom bokdepot og lesestunder ute på sjukeheimane. Målet er å besøke kvar sjukeheim med opplegg to gongar i året, i tillegg til vedlikehald av bokdepot. Vi ønskjer også å få i gong eit samarbeid med Stryn og Hornindal Pensjonistlag. Dette er ei foreining som har som mål å skape betre kontakt mellom menneske, blant anna med kulturelle opplevingar. Vi har ikkje noko etablert samarbeid med dei i dag, men vi trur at eit slikt samarbeid kan vere ein ressurs for begge partar. Vi ønskjer å delta på medlemsmøte to gongar i året der vi gjev informasjon om biblioteket og tenestene våre, gjev dei litterære opplevingar frå biblioteket sine samlingar, og i tillegg inviterer dei til biblioteket på forfattarbesøk og andre arrangement.