Innsida ut

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Voss bibliotek
Samlet støtte:75 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2021, 2022

Søknad

Rapporter

Lenker

Mål

Målet med prosjektet er todelt: både å nå ungdommar som ikkje nyttar biblioteket i dag og å auke vår kompetanse på digital formidling.

Beskrivelse

Voss Bibliotek ynskjer å synleggjere seg og nå ungdommane i heradet gjennom prosjektet «innsida ut» eit digitalt formidlingsprosjekt. Med å samarbeide med elevar og lærarar på ungdomsskulen når me første del av målet, å gjere ungdommane merksame på at me fins.

Den andre delen av målet når me gjennom å lage korte videosnuttar der bibliotekarene og ungdommar formidlar biblioteket sine samlinger med tanke på publisering i sosiale medier (til dømes: Facebook, Instagram, TikTok, Triller, YouTube) og biblioteket sine eigne heimesider ynskjer me nå ungdommar som me ikkje når i dag.

Det er ungdommane som er ekspertar på å bruke sosiale medier som TikTok og snapchat og me håpar å lære av dei gjennom prosjektet, samstundes som me håpar dei kan lære noko om biblioteket og samlingane som fins der ved å delta i prosjektet.