LESETUR – med reven, veven – og kanskje stjernene
Søknad
Rapporter
Lenker
Mål
Vi ynskjer:
– å ta med litteraturen ut av biblioteket – på mange ulike arenaer
– nå ulike brukargrupper: barn, foreldre, andre vaksne, eldre
– ha arrangement på arenaer i ulike bygdelag
– at alle tilsette (4 personar på 2,7 stilling) får meir erfaring og trygghet i ulike formidlingssituasjonar
Beskrivelse
Vi søkjer om formidlingsmidlar med utgangspunkt i samfunnsdelen i Gloppen kommune sin kommuneplan, kapittel 3.2 Rause og rike livsmiljø, der det under punktet «Gloppen kommune skal», står følgjande om bibliotek:
«Gloppen kommune skal utvikle Gloppen folkebibliotek som møteplass og verkstad for oppleving og læring i kvardagen, både fysisk og digitalt. Styrkje arbeidet med aktiv formidling av kunnskap og kultur inn mot alle aldersgrupper»
Tiltaket er delt i 4 bolkar, med fleire arrangement i kvar bolk
Bolk 1) Trådar i veven
For å nå ut til fleire, vil vi etablere kontakt og få eit tettare samarbeid med allereie etablerte møteplassar. I Gloppen er det fleire aktive bygdekvinnelag, med faste samlingar, som også er opne for andre enn medlemmar. Hovudvekta av deltakarane er godt vaksne kvinner.
Vi ynskjer å besøkje fleire av desse laga i ulike bygder i kommunen, med eit litteraturformidlingsprogram der vi knyttar saman klassiske og velkjende romanar – med trådar til samtidslitteraturen, som trådar i veven. Det kan også vere ulike fargar i denne veven: både romanar, sakprosa og lyrikk. Døme på trådar kan vere frå Kristin Lavransdatter til Lars Mytting: Søsterklokkene og Hekneveven. Det konkrete handverksfokuset som Mytting har i flerie av sine bøker kan vere ein god tråd til bygdekvinnelaga si interesse for t.d. tradisjon og handverk.
Bolk 2) Bålknitring under stjernene
Med høgtlesing rundt eit bål i kveldinga, trekkjer vi trådar frå ein dag i 2021, til generasjonar føre oss, som måtte finne varme i felleskapen kring bålet. I Gloppen har vi mange gapahukar av ulik storleik og meir eller mindre tette eller utette, i ulike bygdelag. Ved å legge arrangement til ulike gapahukar i ulike bygdelag, kan vi nå ulike brukarar. Mange bygdelag i denne kommunen har sterk tilknyting til si bygd, sine turområder, og også sine gapahukar som dei har bygd på dugnad, t.d gjennom lokale grendalag, 4H og liknande.
Programmet vil berre preg av høgtlesing, med korte introdukjsonar til tekstane. Anna knitring enn frå bålet kan også dukke opp, som t.d. frå «Stjernenes knitring» av Stefansson.
Bolk 3) Til SFO med stjernene!
Biblioteket har mykje kontakt med lærarar og skuleklasser på ulike måtar, men mindre med SFO, med unntak av sporadiske besøk på biblioteket. Å besøkje SFO – er ein heilt annan setting enn i den vanlege timeplanregulerte skulekvardagen. Det kan gje høve til ei anna kontakt med ulike barn, og andre formidlingssituasjonar, også knytt til leik og formingsaktivitetar. Kan hende mindre grupper og ikkje heile klasser, og kan hende barn i ulik alder. Og med seg – kan barnebibliotekaren ha både sakprosa om heile verda og naturen – og kjende og kjære stjerner på bokhimmelen, frå Maria Parr og Vegard Markhus, til stjerner som er vanskelegare å få auge på i vrimmelen.
Bolk 4) Med reven på tur
Barnebibliotekaren vil samarbeide med Barnas turlag om opplegg knytt til turar i nærområdet. Turmål kan vere Dagsturhytta «Draumekvila», der vi har vore tidlegare, men berre sporadisk, og ikkje saman med Barnas turlag. I boka Vaken knytter Erna Osland saman prosa og sakprosa. Her møter lesaren reven både som hovudperson i den skjønnlitterære historia samtidig som det er knytt faktabolkar om kjende norske dyr til teksten.
Barnas turlag i Gloppen er ein aktiv gjeng og samlar mange store og små på turane sine. Det er mange aktive friluftsfolk i kommunen, men dei er ikkje nødvendigvis bibliotekbrukarar.
Dagsturhytta er ein arena, der det også er nynorske turbibliotek med fokus på nyare nynorske barnebøker, og ein kan setje meir fokus på dette tilbodet. Men – det er fleire stader i same skog som kan vere aktuelle, og andre stadar i kommunen. Vi ynskjer å skaffe meir erfaring, og opparbeide trygghet i uvande formidlingssituasjonar. Kva gjer formidlaren om det regnar, om det bles så ein ikkje kan høyre skikkeleg, kva med barn som sutrar og frys?