Vis fram biblioteket som inkluderande møteplass
Vis fram biblioteket som inkluderande møteplass
Senteret for eit aldersvennleg Noreg og Universell utformingsnettverket i KS vil løfte fram gode døme på inkluderande møteplassar innandørs – og bibliotek er ein naturleg kandidat.

Eit aldersvennleg Noreg skal ha møteplassar som fremjar aktivitet og fellesskap – for alle aldrar. No ser Senteret for eit aldersvennleg Noreg og KS etter gode, innandørs møteplassar som er tilgjengelege og universelt utforma. Kanskje er det biblioteket i din kommune som kan inspirere andre?
Bibliotek som møteplass – på tvers av generasjonar
Biblioteket er allereie ein viktig sosial arena i mange lokalsamfunn. Dersom biblioteket dykkar har gjort grep for å gjere lokala meir tilgjengelege og bidreg til at eldre eller andre med behov for tilpassing kan delta i aktivitetar, vil Senteret gjerne høyre frå dykk.
Prosjektet er ein del av Bo trygt heime-reforma og satsinga Levande lokalsamfunn, som legg vekt på universell utforming og aldersvennleg utvikling. Gode døme blir delte i ein webinarserie hausten 2025, der kommunar får moglegheit til å vise fram erfaringane sine.
Kva ser dei etter?
- Informasjon om møteplassar som er tilgjengeleg for flest mogleg og gjerne på tvers av generasjonar.
- Tiltak som gjerne seier noko om informasjon og kommunikasjon om tilbodet, og transport til møteplassen.
- Både møteplassar som allereie fungerer godt, og kommunar som er i gang med å utvikle nye møteplassar er av interesse.
Eksempel på møteplassar dei ser etter er blant anna bibliotek, seniorsenter, frivilligsentralar, kulturhus og fleirkulturelle arenaer.
Slik deltek de
Har de eit godt døme frå biblioteket dykkar? Ta kontakt med prosjektleiar Anne Berit Rafoss på anne.berit.rafoss@helsedir.no for å få tilsendt ein enkel mal for å beskrive tiltaket. Frist for innsending er 1. september 2025.
Alle som sender inn forslag, blir kontakta for vidare dialog.