Lansering av Kompetansebanken

Kompetansebanken samlar nettkurs, opplæringsvideoar, opptak, arrangement og ressursar til deling mellom biblioteka. Skjermdump av kompetansebanken

Ønsker du å bli tryggare i rolla som formidlar? Tenkjer du på å åpne meiråpent bibliotek, men veit ikkje kor du skal byrje? Eller ønsker du å lage lekre brosjyrar i Canva, eller til å bli betre i å søke i Nettbiblioteket?

På den nye nettstaden Kompetansebanken finn du inspirasjon og kunnskap. Her deler vi relevante og spesialproduserte nettkurs, fagvideoar, arrangement og ressursar med deg som jobbar i bibliotek, og vil styrke ferdigheitane dine.

Her finn du både lengre nettkurs som gjev deg dybdekunnskap og korte «tips og triks» som kan gjere arbeidsdagen din enklare. Innhaldet er opent for alle, og du kan gjennomføre i ditt eige tempo, når det passar best for deg.   

Eit resultat av FiF-prosjektet

Kompetansebanken er eit initiativ frå «Formidling i folkebibliotek (FIF)», eit felles prosjekt blant alle fylkesbiblioteka i landet.  Fif-prosjektet har gått over fleire år, og famner breitt i å utvikle og dele  tiltak for å styrke formidlinga i bibliotek. Kompetansebanken er eitt av mange tiltak som er resultat av Fif.

-Vi er glade for å kunne tilby ein stad der vi samlar mangfaldet av kompetansetilbod og læringsressursar for tilsette i bibliotek,» seier Kristin Storvig som er prosjektleiar for Fif-prosjektet.

-Målet er at vi har ein stad der vi deler kunnskap og gjer det enkelt å finne inspirerande og relevante kompetansehevande tiltak. I dag ligg det til dømes 19 ulike nettkurs her, som alle er spesialutvikla for biblioteksektoren.

Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteka og Nasjonalbiblioteket, der fylkesbiblioteka står for produksjon av innhald og kvalitetssikring, medan Nasjonalbiblioteket står for drift og den tekniske utviklinga.

Du kan filtrere innhaldet etter tema eller etter type av innhald. Skjermdump av kompetansebanken

Meir innhald utover hausten

Nettstaden er i stadig utvikling. I løpet av hausten vil det blant anna kome tre nye nettkurs. Eitt i prosjektutvikling, eitt i Bærekraftsbiblioteket, og eitt i tenester for tilrettelagt litteratur. I tillegg vil videoar, kurstilbod og store og små ressursar samlast her. Banken er open for alle, og alle kan levere inn bidrag. Dersom du har gjennomført eit prosjekt, eller produsert noko som du ser at andre kan lære av, så kan du melde det inn via sidene.

For å sikre det vidare arbeidet med nettstaden, har fylkesbiblioteka etablert ei fagleg ressursgruppe. Gruppa skal rådgje ved utvikling, kartlegge bibliotekfaglege områder som treng meir kompetanseheving, og initiere nye kurs eller ressursar. På den måten vil banken stadig vekse og utvikle seg.