Søk om midlar for å opprette rettleiingstilbod i digital kompetanse

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) lyser ut støtte på til saman 8 millionar kroner til kommunar som vil opprette og utvikle eit lågterskel rettleiingstilbod innan grunnleggande digital kompetanse


Rettleiingstilbodet skal gje innbyggarar, som har eit behov, moglegheit til å tileigne seg dei grunnleggande digitale ferdigheitene som trengst for å kunne ta i bruk digitale verktøy og digitale offentlege tenester frå kommune og stat.

Tilskot kan til dømes brukast til:

  • engasjement av rettleiarar som kan gje opplæring i digitale ferdigheiter (dette inkluderer bruk av tilskotsmidlar for å engasjere eigne tilsette for å gi opplæring og rettleiing til innbyggarane)
  • kompetanseheving av personell som skal drifte rettleiingstilbodet
  • marknadsføring av tilbodet til aktuelle målgrupper
  • legge til retta for at innbyggarar som treng det kan delta fysisk og ta i mot opplæring, til dømes universell utforming av rettleiingsstad eller kostnader til dekning av særskilde utgifter for transport av deltakarar som ikkje kan bruke vanlege kollektivtilbod
  • innkjøp av nødvendig spesialutstyr som er strengt nødvendig for å gjennomføre opplæring og rettleiing, f.eks. skjerm for undervisning og nokre smarttelefonar og nettbrett til undervisningsformål.

Kommunen/kommunane må stå som ansvarleg søkjar overfor direktoratet, men tiltaket kan utførast i samarbeid med andre kommunar eller med bistand frå frivillige organisasjonar.

Tilskotsordninga skal støtte opp om regjeringas «Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn «som Digdir har ansvar for å følge opp. Målet med handlingsplanen er å sikre at alle innbyggarar skal få likeverdige tilgang til offentlege tenester, uavhengig av bakgrunn, språkkunnskapar eller alder.

Søknadsfristen er fredag 20. juni 2025 innan kl. 24.00.

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.