Samlar bibliotektenestene i ny avdeling
Samlar bibliotektenestene i ny avdeling
Frå 1. januar 2026 samlar Nasjonalbiblioteket bibliotekutvikling, depot, tilrettelagde tenester og digitale løysingar i ei nyoppretta avdeling.
For å bli ein tydlegare og meir heilskapleg leverandør for tenester og infrastruktur til bibliotekfeltet, samlar vi no bibliotekutvikling, bibliotektenestene og dei digitale tenester til bibliotek og publikum i ny avdeling.
Gjennom ti år med bibliotekstrategi har Nasjonalbiblioteket utvikla ei rekkje nasjonale tenester. Biblioteksøk, Bibliotekkortet, metadatabrønn og gratis metadata er produkt vi leverer i dag. Samstundes har Nettbiblioteket vakse fram som ei av primærtenestene for universitets- og høgskulesektoren, og vi er del av fjernlånsamarbeidet i landet.
I tillegg til dette har også store tenester som Det fleirspråklege bibliotek og Bibliotek for tilrettelagt litteratur vorte ein del av Nasjonalbiblioteket.
Ved å no samle kompetansen internt gjer vi oss betre i stand til å utvikle tenester som møter behova i sektoren – både i dag og i åra som kjem.
Dette blir den nye avdelinga
Den nye avdelinga vil bestå av fire seksjonar:
Seksjon kommunikasjon og bibliotekpolitikk.
Her samlar vi bibliotekpolitikk, forvaltning av midlar, innsamling av statistikk, juridisk rådgjeving og kompetansetiltak, samt kommunikasjon ut til biblioteka om leveransar og tenester frå heile avdelinga.
Konstituert seksjonsleiar er Joep Aarts.
Depotbiblioteket
Depotbiblioteket sikrar tilgang til fjernlån for bibliotek i heile landet og har ei utlånssamling på over 2 millionar publikasjonar, inkludert DFB-samlinga som vert lånt ut frå Depotbiblioteket. Seksjonen tek imot samlingar frå norske bibliotek.
Seksjonsleiar er Helén Sakrihei.
Seksjon bibliotek og formidling
Her finn du Tibi – Biblioteket for tilrettelagt litteratur, som produserer og lånar ut litteratur til menneske som på grunn av ei funksjonsnedsetting strevar med å lese visuell tekst. Seksjonen inkluderer også DFB – Det fleirspråklege bibliotek som er eit støtteapparat for alle landets bibliotek på det fleirkulturelle feltet.
Seksjonsleiar er Jorunn Wold.
Seksjon digitale tenester
Seksjonen omfattar digitale tenester som Nettbiblioteket, arbeidet med digital infrastruktur og utviklinga av dei ulike tenestene som ligg under avdelinga. Seksjonsleiar er Arne Kyrkjebø.
Grete Stuevold Madsbakken er tilsett som avdelingsdirektør for den nye avdelinga. Ho vil starte arbeidet 1. februar.
Den nye avdelinga vil bestå av om lag 70 medarbeidarar.
Bibliotekutvikling.no som før
Nettstaden bibliotekutvikling.no vil framleis vere hovudkanalen ut til biblioteka. Her finn sektoren bakgrunnsdokument, ressursar, rettleiingar, nyheiter og kompetansehevande tiltak.
E-postadressa bibliotekutvikling@nb.no vil også fungere som før.
Forumet for deling av biblioteksaker vert avvikla
I overgangen til ny avdelinga frå 2026 vil vi samtidig avvikle forumet knytt til nettstaden bibliotekutvikling.no.
Vi ser at dei siste åra har mykje av den faglege delinga i sektoren flytta seg til andre plattformer, og viser til desse kanalane:
- Tidsskriftet Bok og bibliotek har styrkt seg som ein stad for debatt og meiningsutveksling.
- Kompetansebanken samlar og spreier arrangement, kurs og læringsressursar for sektoren.
- OsloMet, ABI har oppretta eit opent magasin med informasjon om studiar og forsking frå institutt for arkiv, bibliotek og informasjonsfag.
- Digitalt påfyll har etablert seg som kanal for å promotere aktuelle prosjekt og hendingar.
- Teams o.a. har funksjonar som støttar fagleg deling og interkommunalt samarbeid.
For oss er det viktig å bruke ressursane på tiltak som når ut og gir verdi for flest mogleg bibliotek. Alternativet med å vidareutvikle Forum-plattforma til eit trygt og funksjonelt produkt vil krevje langt større investeringar enn det vi ser som forsvarleg.
Forumet vil verte avvikla i overgangen til den nye avdeling i januar 2026.
Har de data som må hentast ut frå forumet?
Ta kontakt med nett.bibliotekutvikling@nb.no for bistand.