Oppdatert fordeling av kulturfondbøker til folkebiblioteka

Nasjonalbiblioteket har oppdatert fordelingsnøkkelen for utdeling av kulturfondbøker i samsvar med innbyggjartala for 2022 frå Statistisk sentralbyrå

Nøkkelen er justert og har fått fleire klassar. Det fører til at fordelinga av kulturfondsetta vert meir rettferdig, og stemmer i større grad overeins med talet på folk busett i kvar kommune. Ei anna endring er at kommunar med under tusen innbyggjarar no vil ta imot eitt sett av barnebøker, der dei tidlegare tok i mot to sett.

Nasjonalbiblioteket har, i samarbeid med Kulturrådet, ansvar for å fordele kulturfondbøkene på dei ulike kommunane i tråd med retningslinjer vedteke av Kulturrådet. For å avgjere kor mange kulturfond-sett kvart folkebibliotek skal motta, har Nasjonalbiblioteket tidlegare utarbeida ein fordelingsnøkkel basert på innbyggjartalet i kvar kommune.

Den nye fordelingsnøkkelen er oppdatert etter innbyggjartal i kommunane i andre kvartal 2022, og vil gjelde frå 01.01.2023.

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.