Nye retningsliner for fjernlån

Nasjonalbiblioteket lanserer ei revidering av dei nasjonale retningslinene for fjernlån.

Fjernlån er eit samarbeid mellom bibliotek som skal gje best mogeleg nytte av felles bibliotekressursar over heile landet.

Eit berekraftig lånesamarbeid er basert på at dei tilsette i biblioteka gjer gode bibliotekfaglege vurderingar, og retningslinene er til for å stake ut ein kurs for desse vurderingane.

Hovudtrekka i retningslinene

– Det er fire hovudpunkt i retningslinene vi ber biblioteka følgje opp, seier direktør for bibliotekutvikling i Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand. Ved å etterfylgje desse, meiner vi at vi får bort mykje av dei større utfordringar i dagens ordning, og vi kan få eit meir berekraftig tilbod.

Punkta går ut på å ta i bruk eiga samling, inkludert kulturfondbøkene, og å oftare vurdere innkjøp av nytt materiale, eller nytte digitale versjonar framfor å fjernlåne.

-Vi ynskjer å understreke at vi meiner fjernlån er eit viktig tilbod som skal støttast opp under, og at fjernlån skal vere eit supplement til samlinga, ikkje ei erstatning for eiga samlingsutvikling, seier Tinnesand.

Oppfordrar til meir bruk av eiga samling

Retningslinene legg vekt på at materiale som finns i eiga samling, ikkje skal tingast som fjernlån. Dette inneberer at bøkene i eiga samling skal brukast meir.

-I dag kan ein lånar gjennom Biblioteksøk tinge alle bøkene han ynskjer. Dersom ei bok er utlånt hjå heimebiblioteket, kan han tinge ho frå eit anna bibliotek. Dette er ikkje intensjonen ved tenesta. Vi endrar no algoritmen i Biblioteksøk slik at brukaren vert sett på venteliste ved eige bibliotek, i staden for på fjernlån, seier Tinnesand.

Endringa i Biblioteksøk gjeld berre for sluttbrukaren. For dei bibliotektilsette fungerer systemet slik som før, og dei må gjere ei vurdering. Dersom det er lang ventetid og stor etterspurnad etter boka, oppfordrar retningslinene biblioteket til å kjøpe inn fleire eksemplar.

Særskild omsyn til bøker i kulturfondsordninga

Retningslinene seier at materiale som blir levert gjennom kulturfondsordninga, som hovudregel ikkje skal tingast på fjernlån. Utgangpunktet for dette er at alle folkebibliotek har motteke kulturfondsett. Då skal det ikkje vere naudsynt å tinge desse bøkene hjå andre, men bruke biblioteket si eiga samling.

Vurdere andre alternativ til fjernlån

I tillegg seier retningslinene at materiale som framleis er tilgjengeleg for sal, skal vurderast for innkjøp, og digitalt tilgjengeleg materiale bør vurderast framfor fjernlån.

-Biblioteket bør vurdere å møte etterspurnaden frå brukarane ved å kjøpe inn bøker som er ynskja. Det kan vere like billig å kjøpe inn nytt materiale som å tinge fjernlån.

-I tillegg ønsker vi at fleire får tilbod om digitale utgåver i staden for fjernlån dersom desse er tilgjengeleg. I Biblioteksøk er det lenker direkte til Nettbiblioteket. Det å vise lånarane at materialet er tilgjengeleg digitalt, kan dekke behovet og i mange tilfelle også gje eit betre tilbod sidan ein kan søke i innhaldet. Dette kan vere eit reelt alternativ til fjernlån, seier Tinnesand.

Kva følger får retningslinene for det enkelte bibliotek?

For den enkelte sluttbrukar er den største endringa at han kan bli satt opp på venteliste i staden for på fjernlån.

For det enkelte bibliotek er det endringar i rutinar og haldningar til eiga samling og til kva som vert tinga på fjernlån som er dei viktigaste følgene. I tillegg vil ei bevisstgjering av kva som bør haldast utanfor fjernlån også føre til endringar.

Implementering

Neste steg er å gjere retningslinene kjende for biblioteka, og fremje korleis biblioteka kan etterfølge dei. Tinnesand viser til at fylkesbiblioteka har ei viktig rolle i vidare implementering.

– Prinsipielle diskusjonar rundt sjølvforsyningsnivå, ulike avgrensingar mot fjernlån og geografiske lånevegar er tema som kan ha godt av å takast på fylkesnivå, seier han.

Bakgrunn

Dei førre retningslinene for fjernlån var frå 2014, og bibliotekkvardagen og praksisen har endra seg mykje sidan den tid. Særleg etter innføringa av Biblioteksøk i 2018 følgde det ei markant auke i fjernlån.

Fylkesbibliotekkollegiet har gjennomført eit evalueringsarbeid, og hausten 2022 lanserte fylkesbiblioteket i Vestfold og Telemark ein rapport som kartla fjernlånet i landet. Rapporten viser at fjernlånet fungerer, men at det er ei skeivfordeling, der nokre få nye og populære titlar er uforholdsmessig mykje ute på vegane. I tillegg viser rapporten til auka transportkostnadar, og press på dei enkelte biblioteka sine budsjett.

Det er denne utviklinga i fjernlånet som har ført til at Nasjonalbiblioteket no kjem med reviderte retningsliner.

For å møte omsynet til miljø og til økonomi, kan ein gjennom nokre grep endre retninga for fjernlånet utan å miste formålet. Etter samtalar med fylka, strategisk råd, NBF og andre aktørar lanserer no Nasjonalbiblioteket ei revidert utgåve av retningslinene for fjernlån.

Les meir