Nye medlemmar til strategisk råd
Nasjonalbibliotekaren har utnemnt biblioteksjef Julie Andersland frå Bergen Offentlige Bibliotek, og Rita Mundal Leiar ved Lom og Skjåk folkebibliotek som nye medlemmar til Strategisk råd for Nasjonal bibliotekstrategi.
Rådet skal bidra til at Nasjonalbiblioteket fører ein god, regelmessig og samordna dialog med biblioteka i strategiperioden. Rådet består av 15 medlemmar frå bibliotek over heile landet.