Ny teikneserie om ekstremisme – no tilgjengeleg for biblioteka

utdrag fra tegneserie av Jenny Jordal

Skjermdump frå teikneserien. ill: Jenny Jordal

Alle bibliotek får i desse dagar teikneserien Sammen mot ekstremisme tilsendt frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Teikneserien er laga på oppdrag frå Ekstremismekommisjonen og illustrert av Jenny Jordal.

Gjennom sterke visuelle forteljingar og eit lett språk gjev teikneserien ein inngang til å forstå ekstremisme og korleis vi kan motverke det – både som samfunn og som enkeltpersonar.

Ein viktig del av arbeidet mot ekstremisme er førebygging og det å skape motstandskraft i befolkninga. Departementet anerkjenner at biblioteka spelar ei viktig rolle i dette arbeidet. Som uavhengige, opne møteplassar som treff breitt i samfunnet og oppmodar til refleksjon, læring og samtale har biblioteka ei særskild posisjon.

Departementet ynskjer med utsendinga å oppfordre biblioteka til å nytte teikneserien som ein del av arbeidet med å skape inkluderande møteplassar for alle.

Skjermdump frå teikneserien. ill: Jenny Jordal

Korleis bruke teikneserien i biblioteket?

Teikneserien kan vere ein samtalestartar om eit viktig, men utfordrande tema. Han passar godt til små utstillingar og arrangement. Han kan vere eit  lågterskeltilbod, og utsendinga er ein  invitasjon til å engasjere og informere, og til å vere ein del av samfunnet sin tidlege innsats mot ekstremisme. Følgebrev frå departementet

Det følger med to eksemplar av teikneserien til alle folkebibliotek. Den er også tilgjengeleg i pdf her og på regjeringa sine nettsider, samt at det kan tingast fleire eksemplar på https://publikasjoner.dep.no/  

Ekstremisme, av Jenny Jordal (pdf)

Regjeringa sitt pågåande arbeid mot ekstremisme

Ekstremismekommisjonen la fram si utgreiing 1. mars i år «NOU 2024:3 Felles innsats mot ekstremisme: Bedre vilkår for det forebyggende arbeidet» ». I høyringsprosessen rundt NOUen var det fleire innspel frå bibliotekfeltet, blant anna frå Nasjonalbiblioteket. No er regjeringa i gang med å vurdere og følgje opp Ekstremismekommisjonen sine tilråingar og skal leggje frem ei melding for Stortinget våren 2025.

Regjeringa har også andre pågåande prosessar med berøringspunkt til dette arbeidet. Dette er dokument som er under arbeid:

Nasjonalbiblioteket har også levert innspel til arbeidet for å styrke motstandskrafta mot desinformasjon.