Ny nasjonal strategi for ytringsberedskap

Regjeringa la tysdag fram ein nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.

Ytringsberedskap – Nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskift er ein strategi med overordna føringar for korleis regjeringa skal jobbe for å leggje til rette for ytringsfridom og ein velfungerande offentlegheit i tida framover. Strategien baserer seg mellom anna på Ytringsfridomskommisjonens utgreiing frå 2022.

– Vi vil jobbe for eit samfunn der alle har reelt høve til å delta i den offentlege samtalen. Der ytringsfridommen ikkje berre er formell, men reell – støtta av kunnskap, tilgang og tryggleik, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i pressemeldinga frå departementet.

Inkluderande bibliotek

Bibliotek som arena er særskild nemnt knytt til det første hovudområdet i strategien kring infrastrukturen for ytringsfridomen:   

« Biblioteka har ei sentral rolle som inkluderande arena for læring, samtale og debatt, der det er rom for diskusjon og usemje. Biblioteka har dessutan ei rolle i å styrkje den kritiske medieforståinga i befolkninga, noko som er med og aukar motstandskrafta mot desinformasjon. Regjeringa vil meisle ut ein ny bibliotekpolitikk som skal gjelde frå 2026, og vil då vurdere kva rolle biblioteka skal ha i arbeidet med å førebyggje ekstremisme»

Slik arbeider regjeringa for eit ope og opplyst offentleg ordskifte

Strategien er delt inn etter dei ulike måtane offentlege styresmakter bidrar til å leggje til rette for ytringsfridom og eit ope og opplyst offentleg ordskifte på.

1. Infrastrukturen for ytringsfridomen

Regjeringa peikar på det viktig i å støtte opp under medier, kulturinstitusjonar, sivilsamfunn, skular og forskingsinstitusjonar, både med økonomiske og regulerande verkemiddel.

2. Ytringskultur

Ytringskulturen eller ytringsklimaet i eit samfunn er ikkje noko styresmaktene kan vedta. Det er i staden eit felles ansvar. Strategien drøftar prinsipp og prioriteringar i korleis styresmaktene likevel kan leggje til rette rette for ein sunn ytringskultur.

3. Openheit, innsyn og medverknad

Strategien drøftar korleis styresmaktene legg til rette for openheit, innsyn og medverknad frå borgarane.

4. Ulovlege og skadelege ytringar

Regjeringa slår fast på prinsipielt nivå at det skal vere høg terskel for å vurdere nye forbod og straffereglar mot ytringar.

5. Forvrenging og manipulering av meiningsdanninga

Desinformasjon, ekkokammer og polarisering kan forvrengje, forstyrre eller undergrave det opne og opplyste ordskiftet. Strategien diskuterer korleis styresmaktene bør forhalde seg til og bygge beredskap mot slike utviklingstrekk.

6. Kunnskap

Kunnskapsbygging og -formidling er ein føresetnad for å kunne setje inn målretta tiltak for å verne ytringsfridommen, dersom og når det skulle bli nødvendig. Strategien tek opp korleis styresmaktene bør sikre god og oppdatert informasjon om tilstanden for ytringsfridomen i samfunnet.

Strategien er i hovudsak ikkje tiltaksretta. Hovudformålet med strategien er å trekkje opp prinsipp for, og vise den samla innsatsen på ytringsfridomsfeltet. Omtalen av konkrete innsatsområde og tiltak i strategien er derfor eit utval og eit bilete av situasjonen akkurat no.

Omtale av fleire innsatsar og tiltak vil bli publisert fortløpande på ei eiga temaside for ytringsfridom på regjeringa.no, som vert lansert samtidig med strategien.

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.