Nordic Libraries Together 2026 i Oslo
Nordic Libraries Together 2026 i Oslo
Deichman er vertskap for den sjette utgåva av konferansen Nordic Libraries Together. Bli med i programmet og vinn gratis konferansebillettar!
Tema: Resilient Libraries in a Restless World – Collaborating for Future Relevance.
Årets konferanse set søkeljos på motstansdyktige bibliotek i ei uroleg tid. Verda rundt oss er i rask endring. Tillit til informasjon blir utfordra, merksemda vår vert pressa, og behovet for stadar som gjev rom for refleksjon aukar.
- Korleis kan biblioteka fortsetje å vere relevante når globale plattformer får større innflytelse, forventningane endrar seg, ressursane vert knappare og avstanden mellom generasjonar aukar?
- Korleis kan vi utvikle nye måtar å kople saman menneske med historiar og idear – og samtidig styrke biblioteket sin posisjon som ein viktig samfunnsarena?
Dette er spørsmål vi utforskar saman i Oslo.
Du har no sjansen til å bidra!
No opnar vi for å sende inn forslag til innhald.
Har du testa ut noko nytt i biblioteket? Fått til ei endring som andre kan lære av? Eller sit du på ein idé du gjerne vil utforske saman med kollegaer frå heile Norden?
Bli med og sett agendaen – send inn bidraget ditt
Deichman tek imot forslag til:
- 15-minutts innlegg
- 45-minutts workshop
Dei som får bidraget sitt valt ut, får gratis konferansebillettar
Forslaget må innehalde:
- Namn og kontaktinformasjon
- Eit kort samandrag av prosjektet (rundt 200 ord)
- Skildring av korleis bidraget er innovativt og korleis det heng saman med konferansetema
- Korleis du ser for deg å gjennomføre sesjonen i Oslo
Meir detaljert program og påmelding blir publisert på konferansen si nettside kort tid etter påske.
Send forslaget til: nlt2026@deichman.no
Frist: 13. april