Møt Nasjonalbiblioteket på Bibliotekmøte i Molde

Vår påtroppande nasjonalbibliotekar og vår nye avdelingsdirektør for Bibliotektenester kjem til Molde. Vi har også klare to lanseringar. 

Molde 1880. Anders B. Wilse

Nasjonalbiblioteket vil vere til stades under heile bibliotekmøte, og du kan møte oss både på stand og som foredragshaldarar. 

Lansering av Metadatabrønn og klargjering av RDA 

Nasjonalbiblioteket vil, saman med Biblioteksentralen, presentere siste nytt for vårt arbeid mot ein ny infrastruktur for bibliografiske data. 

Her får du ein gjennomgang av Metadatabrønnen, og vegen vidare med klargjering av RDA Official for norske bibliotek. 

Metadatabrønnen skal samle data frå norske bibliotekkatalogar og leggje grunn for ei overgang til entitetsbaserte bibliografiske data i norske folkebibliotek. 

Ved Hilde Høgås, Nasjonalbiblioteket og Elise Conradi, Biblioteksentralen. 

 Etterpå ynskjer vi velkomen til lanseringsfeiring! Kom ut i vrimleområdet for kake og bobler!  

Kvar? Parallellseminar,  Rom Mit Følgje

Når? onsdag 18. mars kl. 13.20-13.50 

KI generert teging av brønn i bibliotek, mennesker med digitalt utstyr står rundt

Noreg sett frå lufta!  

Nasjonalbiblioteket presenterer ei ny teneste basert på alle flyfoto som blei tatt av Widerøe. Vi ynskjer å ha med biblioteka i den store nasjonale dugnaden for å plassere 3 millionar flyfoto på kartet. Målet er å engasjere publikum – og samtidig gjere bileta raskt tilgjengelege. 

Dette vil Linde Løver og Jørgen Schyberg fortelje meir om og vise fram. 

Etter foredraget finn de Jørge og Linde på standen vår. Dei som har klart å registrere seg som brukar og plassert minst eit bilete på kartet, vil få ein premie!  Kom, kom!

Kvar? Parallellseminar, Rom Mit Følge

Når?  Onsdag 18. mars kl.  16.10-16.30  

Europeisk bibliotekpolitikk

Som del av EUs Work Plan for Culture 2023-2026, har ei arbeidsgruppe samla inn erfaringar og praksisar i ein rapport som synleggjer biblioteka si samfunnsrolle. Leiaren for arbeidsgruppa, Klaas Gommers vil leggje fram rapporten med funn og anbefalingar vidare. Norge, ved Nasjonalbiblioteket, har vore observatør i gruppa, og er med å arrangerer dette innlegget.

Kvar? Parallellseminar, Rom Bjørnsonsalen

Når? Onsdag 18. mars kl. 14.00

Nasjonalbiblioteket sin halvtime 

Nasjonalbiblioteket presenterer ny nasjonalbibliotekar, Åse Wetaås, ei nyoppretta avdeling og ein ny avdelingsdirektør.  

Kvar? Fellesmøte i Bjørnsonsalen

Når? Torsdag 19. mars.  Kl. 09.45-10.15 

Avslutningssamtale

 På avslutningsmøtet vil også den påtroppande nasjonalbibliotekaren delta i samtale med tema – hvor går bibliotekene videre? 

Kvar? Fellesmøte i Bjørnsonsalen 

Når? Torsdag 19. mars Kl. 11.15-12.30 

Møt oss på stand begge dagar

Vi har gode folk på plass på stand under heile møtet. Kom og snakk med oss om smått og stort du lurer på av det Nasjonalbiblioteket jobbar med. 

Vi vil demonstrere den nye flyfototenesta og vi ladar opp til Ibsen 2028 med merch og inspirasjon. I tillegg snakkar vi meir enn gjerne om tenester for brukarar med behov for tilrettelagt litteratur, fleirspråklege brukarar, metadata og digital infrastruktur. 

Og gjerne om det du vil snakke om!  

Molde 1880. Anders B. Wilse

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.