Nasjonalbiblioteket legg til rette for taleattkjenning på nynorsk

No blir det enkelt og billig å utvikle program som let deg styre mobiltelefonen ved hjelp av stemma eller få datamaskina til å lese opp kva som står i eit dokument – på nynorsk. Den nye uttaleordlista frå Språkbanken kan nyttast gratis av alle føretak. 

Pressemelding frå Nasjonalbiblioteket

Det finst allereie mykje god taleteknologi for norsk, men denne støttar ofte berre bokmål.  

– For å bøte på dette har vi no gjort tilgjengeleg ei uttaleordliste, som er ein viktig grunnlagsressurs for nynorsk taleteknologi, fortel Per Erik Solberg, som er språkteknolog ved Språkbanken i Nasjonalbiblioteket.  

Uttaleordlista inneheld 570 000 nynorske ord og maskinlesbare, fonetiske transkripsjonar av orda. Å lage ei uttaleordliste av denne typen er eit omfattande og kostbart arbeid og krev spisskompetanse på norsk lydlære. 

– For mange føretak vil det ikkje vere mogleg eller lønsamt å lage si eiga liste for nynorsk. Ved å tilby denne lista med open lisens gjer vi det billigare og enklare å utvikle taleteknologi for nynorsk, seier Solberg. 

Taleattkjenningssystem, som omset tale til tekst, nyttar slike lister til å avgjere kva for lydstrengar som svarar til ord på nynorsk. I omsetting frå tekst til tale, gjev uttaleordlista informasjon om korleis den syntetiske stemma skal uttale nynorske ord.  

Uttaleordlista blir delt i ressurskatalogen til Språkbanken, og lisensen tillèt at ho kan nyttast både av kommersielle og ikkje-kommersielle utviklarar. Ordlista er utvikla av trondheimsfirmaet Lingit.  

Språkbanken tilbyr også ei tilsvarande liste for bokmål og held no fram med å utvide begge listene med meir dialektvariasjon og fleire ord, som gjer listene endå meir nyttige.  

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.