Nasjonalbiblioteket fordeler 24 millionar til leselyst og felles digital løysing for biblioteka 

Nasjonalbiblioteket fordeler 24 millionar kroner til bibliotekformål i 2026. 15 millionar går til ei felles digital formidlingsløysing for folkebiblioteka, medan ni millionar går til tiltak for leselyst blant barn og unge.

To jenter som les på Deichman Rommen. Foto: Erik Thallaug / Deichman

Midlane er ein del av løyvingane frå regjeringa til biblioteksektoren. I år blir dei fordelte til felles satsingar som skal kome bibliotek og bibliotekbrukarar over heile landet til gode.

 – Å styrkje lesinga og leselysta blant både barn og vaksne er ei viktig oppgåve for Arbeidarparti-regjeringa. Derfor har vi mellom anna lansert ein leselyststrategi, og midlane som no går til leselyst, er ei direkte oppfølging av den. Biblioteka våre over heile landet er svært viktige i arbeidet med å skape leselyst og for å gjere litteratur og kunnskap meir tilgjengeleg for alle, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

– Vi veit at det er behov for å styrkje lesinga blant barn og unge. Derfor er arbeidet med leselyst særleg viktig og noko Nasjonalbiblioteket prioriterer svært høgt, seier nasjonalbibliotekar Åse Wetås.

Felles digital inngang til biblioteket 

Ønsket om ei felles digital formidlingsløysing for folkebiblioteka har vakse fram over tid. I den utvida nasjonale bibliotekstrategien (2020–2025) nedfelte ein tiltak for å styrke den digitale infrastruktur til biblioteka, og Nasjonalbiblioteket har i 2026 løyvd ti millionar kroner til utvikling og oppfølging av arbeidet. 

Den felles digitale formidlingsløysinga, som får namnet bibliotek.no, skal gjennom nettsider og app gjere det enklare for biblioteka å formidle digitale tenester og innhald, og gi publikum ein meir heilskapleg digital inngang til biblioteket. Målet er også å gi innbyggjarane eit meir likeverdig bibliotektilbod, uavhengig av kvar dei bur og kor stort det lokale biblioteket er.

– Vi er glade for å kunne følgje opp eit tydeleg ønske frå sektoren om ei felles digital løysing. Ho skal gjere det enklare for biblioteka å formidle tenestene sine og gi folk eit meir likeverdig bibliotektilbod, uansett kvar i landet dei bur. Samtidig vidarefører vi satsinga på leselyst blant dei yngste, seier Grete Stuevold Madsbakken, direktør for bibliotektenester ved Nasjonalbiblioteket.

Bergen offentlege bibliotek er pilotbibliotek i satsinga. Løysinga skal kunne takast i bruk av både små og store folkebibliotek, og samtidig ta vare på det enkelte biblioteket sin eigenart.

For å gjere det enklare for bibliotek og kommunar å ta løysinga i bruk, følgjer Nasjonalbiblioteket opp med ei støtteordning på fem millionar kroner. Nasjonalbiblioteket er i dialog med fylkesbiblioteka om korleis støtteordninga best kan innrettast.

Ni millionar til leselyst blant barn og unge 

7,5 millionar kroner går til samarbeid mellom barnehagar og bibliotek for å gi barnehagebarn betre tilgang til bøker. Tiltaket følgjer opp regjeringa sin leselyststrategi, som har særleg vekt på lesing for dei yngste. Midlane blir tildelte fylkesbiblioteka, som fordeler dei vidare. 

Midlane har så langt bidrege til å styrkje samarbeidet mellom bibliotek og barnehagar og til tiltak som Tøyveskebibliotek, Bokstart og andre lese- og formidlingsaktivitetar for dei yngste. Ved å vidareføre ordninga vil tiltaka spreie leseglede og litteratur til enno fleire av dei yngste lesarane. 

I tillegg fordeler Nasjonalbiblioteket 1,5 millionar kroner til Sommarles. 

Les meir

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.