Oppstart av arbeidet med nasjonal digital infrastruktur

Nasjonalbiblioteket ynskjer tett dialog med bibliotekfeltet for å få konkrete innspel til det vidare arbeidet med digital infrastruktur, jamfør tiltaka i den utvida bibliotekstrategien. Innspel Nasjonalbiblioteket har fått frå Det strategiske rådet er å prioritere arbeidet for ei felles formidlingsløysing høgast.

5. og 6. desember inviterer Nasjonalbiblioteket ulike aktørar som har fått støtte til større prosjekt knytt til digital infrastruktur til ei samling på Lillestrøm. Føremålet er å drøfte eit felles grunnlag.

Samlinga vil verte følgt opp av avdeling for bibliotekutvikling med eit notat til handsaming i Nasjonalbiblioteket si leiargruppe.

Deltakarar på samlinga vil vere Deichman, Rogaland fylkesbibliotek og Vestfold og Telemark fylkesbibliotek. I tillegg er Bergen bibliotek deltakar då dei nyleg har jobba fram ein kravspesifikasjon til formidlingsløysing for sitt bibliotek.

Dei to tiltaka i den nasjonale bibliotekstrategien:

I den utvida nasjonale bibliotekstrategien (2020-2025) er det nedfelt to større tiltak for å betre tilgangen til digitalt innhald for biblioteka i heile landet.

  • Nasjonalbiblioteket skal i tett dialog med bibliotekfeltet bidra til etableringa av ein felles nasjonal digital infrastruktur i norske folkebibliotek
  • Nasjonalbiblioteket skal i tett dialog med bibliotekfeltet utgreie ulike modellar for organisering og finansiering av digital infrastruktur for folkebiblioteka for perioden etter 2025