Nasjonal bibliotekstrategi -referat frå møte i strategisk råd haust 2022

Nasjonal bibliotekstrategi skal gjennomførast i perioden 2020–2024, og strategisk råd skal gje råd til Nasjonalbiblioteket i arbeidet.

Rådet møtes to gonger om året, og årets andre møte fann stad 18. oktober. Medlemmane fekk presentert ein statusgjennomgang av aktuelle saker frå Nasjonalbiblioteket, før ein diskuterte nokre enkeltsaker.

Dei to hovudsakene som vart diskutert ved dette møtet var det pågåande arbeidet med ein nasjonal felles metadatabrønn, og behovet for endring i dagens fjernlånsordning. I tillegg ynskte Nasjonalbiblioteket råd om vidare prioritering av utlyste utviklingsmidlar.

Strategisk råd består av 15 medlemmar frå bibliotek over heile landet Rådet skal bidra til at Nasjonalbiblioteket fører ein god, regelmessig og samordna dialog med biblioteka i strategiperioden.

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.