Mykje tettare samarbeid med barnehagane
Enebakk bibliotek fekk prosjektmidlar for 2022 til å drive utadretta formidling til barnehagane i Enebakk. Alle barnehagar i kommunen fekk besøk av biblioteket ein gong før jul og ein gong etter jul. Før jul var det dei eldste som fekk besøk og boka Gorm er en snill orm blei formidla med hjelp av enkle konkretar. Etter jul var det dei yngre barna som fekk besøk med boka Fingerreisen av Anneli Tisell som vart formidla ved hjelp av to fingerdokker. Bildeboka Dinosauren Brøle , som er på rim, var også med i formidlinga til dei yngste. Biblioteket hadde med seg bok-kassar til utlån slik at barnehagen fekk små barnehagebibliotek tilpassa alder.
Lågare terskel for barnehagane å ta kontakt
Dette har vore vårt aller mest vellukka prosjekt i dei åra me har søkt og fått midlar frå Nasjonalbiblioteket. Om lag 350 barn har fått besøk og me har nådd 100 føresette og personale gjennom foreldremøte. Me har opplevd ei dobling i det me kallar «frie henvendelsar» frå barnehagen. Me trur det er fordi terskelen har blitt lågare og barnehagen har blitt bevisste på biblioteket som ein ressurs.
Prosjektet har ført til at dei tilsette på biblioteket fått utvida formidlingskompetansen og blitt betre formidlarar. Biblioteket har også blitt invitert inn i prosjektet REKOMP som kommunen har i samarbeid med barnehagane og Oslo Met. Prosjektet har språk, språkutvikling, bøker og høgtlesing i fokus og er gull verdt å få vere med på då det gir biblioteket god innsikt i kva barnehagen er opptatt av.
Eit enkelt tips til alle bibliotek er å lage eit nyheitsbrev til alle barnehagar som kan sendast ut ein gong i månaden. Dette treng ikkje vere så langt. Det viktigaste med brevet er å opprette kontakt. På den måten blir det lettare for barnehagen å kontakte biblioteket seinare.
Barnehagetilsette og bibliotekarar har noko å lære av kvarandre
Prosjektmidlar utvidar bibliotekets moglegheit til aktivitet og aktiv formidling. Barna i barnehagen er framtidas bibliotekbrukarar og gjennom eit slikt prosjekt har biblioteket sjanse til å nå mange fleire barn også dei som ikkje kjem til biblioteket av seg sjølv. Gjennom å delta på foreldremøte har me nådd nye grupper og rekruttert nye lånarar til biblioteket vårt.
Noko av det finaste med bibliotekets samarbeid med barnehagen er at det alltid blir satt pris på. Som bibliotektilsette opplever me varme velkomstar og me har fått tilbakemeldingar frå tilsette som har blitt inspirerte av vår formidling og har brukt Gorm er en snill orm i eigen praksis. Bibliotekaren blir sett på som ressurspersonar og det er kjekt.
Biblioteksjef Oddmund Kårevik seier «Personleg vart eg ein betre formidlar av å lytte til ein barnehagetilsett formidle Pulverheksa for ein del år tilbake. Dette var ei bok eg var full av fordommar mot, men som pedagogen gjorde heilt magisk. Eg lærte kor verdifullt og fint det kan vere med gjentaking i høgtlesing. På same vis har dei tilsette i barnehagen bruk for å få utvida litteraturtilfanget sitt og der er barnebibliotekarane ekspertar.»
Søk midlar til å etablere tilsvarande tilbod
Nasjonalbiblioteket sine midlar til aktiv formidling kan nyttast til tiltak som andre har gjennomført tidlegare. Dette inneberer at du kan søke om midlar til å gjennomføre din versjon av Les, lær, lån og fortel!