La oss snakka om Tøyveskebiblioteket

Fylkesbiblioteket Akershus, Buskerud og Østfold søkte felles midlar for aktiv formidling og lesefremjing for 2024. Eit av tiltaka er «Tøyveskebiblioteket» der så langt 32 kommunar og bibliotek deltek. Fylkesbiblioteket har sendt ut over 2100 tøyvesker, og biblioteka melder om at barnehagar står på venteliste for å få vere med.
Biblioteksjefen i Nesbyen sender meg ein reportasje frå Hallingdølen om Birk, som ikkje vil levere tilbake tøyveska for han har blitt så knytt til bøkene. Frogn mailer eit fotografi frå ein barnehage der alle tøyveskene er utlånt, det er heilt ribba. Skiptvet bibliotek fortel at den første tøyveska vart lånt ut etter ein halvtime, snart var alle utlånt. Ringerike deler at det tok litt tid å overbevise barnehagane, men når dei først knakk den koden så vil «alle» ha tøyvesker.
Det tikkar inn med meldingar om Tøyveskebiblioteket som Fylkesbiblioteket koordinerer. Alle fortel om gode tilbakemeldingar frå barnehagen, frå foreldre og frå politikarar i kommunen.
Tøyveskebiblioteket i praksis
I Hundremeterskogen ideelle & biologiske barnehage i Nittedal får me vite meir om korleis Tøyveskebiblioteket foregår i praksis.
Tøyveskebiblioteket vart opna rundt påsketider i fjor med snorklipping og tale ved ordførar i Nittedal, Rune Winum (H).
– Etter dette har det gått litt i periodar, fortel fagleiar i Hundremeterskogen barnehage Gro Røvang. – I starten var det ekstremt populært, alle tøyveskene var utlånt. Så har interessa dabba litt av for nokre, medan enkelte barn og foreldre har jobba seg gjennom alle tøyveskene.

– Får de i barnehagen tilbakemeldingar?
– Somme tider kjem foreldre tilbake og seier «denne boka var ikkje ålreit». Eg syns eigentleg det er veldig positivt at dei engasjerer seg, fortel Gro. – Andre gonger seier dei «denne boka var fin, eg ville aldri kome på å lånt den sjølv.»

– Går det an å gå i Hundremeterskogen barnehage utan å bli lesen for?
– Det trur eg ikkje, seier Gro, – då må ein i så fall gøyme seg unna.
– Kva med merksemda, har det skjedd ei endring i det ein kallar «oppmerksomhetsvindauge», slik det har med oss vaksne?
– Ja, for fem år sidan kunne eg lese lange framhaldsbøker som Charlie og sjokoladefabrikken for dei eldste barna, det er ikkje mogeleg lenger, held Gro fram.

– Korleis kan det lesast no?
– Det er litt interessant, seier Gro, og fortel om ei gruppe urolege born som ho fekk ansvar for i fjor vår. – Eg ville ha dei med på ei lesegruppe. Eg trudde at dei kom til å seie «nei», men alle sa «ja» og alle vart med. Då hadde me fleire lesestunder og barna fekk også små stressballar som dei kunne få ut litt energi på, medan eg las. Eg trur dei opplevde det heile som eksklusivt.
– Er det blitt vanskelegare å halde konsentrasjonen etter korona?
– Ja, det er det nok. Eg må nok i større grad halde både meg og gruppa fast, «no skal me lese bok.»
– Korleis er det med dei indre bilda? Klarer borna framleis skapa dei?
– Ja, det gjer dei. Me har leikar der me seier «hva tenker jeg på…» og barna har framleis rolleleik.
Biblioteket i Nittedal set saman dei ulike bokpakkane
– Kor mange barnehagar er med på tøyveskebiblioteket i Nittedal?
– Nittedal er ein langstrakt kommune og det er 25 barnehagar her. Me har ikkje kapasitet til at alle kan vere med. Til no har ni barnehagar testa ut Tøyveskebiblioteket. Og nett no har me faktisk fire barnehagar på venteliste, fortel Eva Engskar, som er barnebibliotekar ved Nittedal bibliotek.

– Korleis set de saman tøyveskene?
– Det er ei blanding av nye bøker me har fått på kulturfond og bøker som me har tatt ut av samlinga, men det er bra bøker. Me gir ungane det beste, seier Eva. – Så er det eit enkelt utlånssystem, slik at barnehagen kan halde styr på bøkene og me på biblioteket kan registrere låna i basen vår etterpå.
– Er det mykje ekstraarbeid for barnehagen?
– Me vurderer det ikkje sånn, seier dagleg leiar i Hundremeterskogen barnehage, Niels Bjørn Olsen. – Me syns ikkje det er mykje arbeid, for det gir så mykje. – Men, skyt Niels inn, det kjem jo an på kva ein vurderer som «mykje arbeid», for litt krev det av barnehagen.
– Tøyveskebiblioteket er gøy, fint og spennande. Det er kjekt for barn og vaksne å bli kjent med bøkene og oppleva ei bok saman, -barnebibliotekar og formidlar Eva Engskar.
Me reiser nøgd heim frå barnehagen. Ikkje før me har kome inn kontordøra kjem ein e-post frå fagleiar Gro som ho har fått tilbakemelding frå ei mor i barnehagen:
«Hei,
Ville bare sende noen positive ord om Tøyveskebiblioteket. Det er altså et så bra tiltak, både fordi det er lavterskel og lett å få til (det krever litt mer å sette av tid, og dra til biblioteket for å låne bøker, selv om vi gjør det og), men også fordi det er stor stas og nysgjerrighet fra barna over innholdet i de ulike posene – som er med på å opprettholde lesegleden. Vi har satt veldig stor pris på tilbudet!»
Om Tøyveskebiblioteket
Tøyveskebiblioteket er eit samarbeid mellom barnehage og bibliotek, som gjer bøker lett tilgjengelege for barnefamiliar i kvardagen. Målet er å stimulere til meir høgtlesing heime. Nordland fylkesbibliotek og fylkesbiblioteket i Trøndelag står bak tiltaket, som frå hausten 2023 vart eit nasjonalt formidlingstiltak med støtte frå Norsk Kulturråd.
I samarbeidet står biblioteket for ferdig pakka tøyvesker fylt med bøker klare til utlån. Barnehagen formidlar tilbodet til borna og de vaksne, og sørger for at tøyveskene har ei lett tilgjengeleg og synleg plass i barnehagen som gjer det enkelt å plukke med seg ei tøyveske på farten.
- Perfekt for foreldre med en hektisk kvardag som ikkje alltid rekk å besøka biblioteket.
- Bøkene heng klare i barnehagegarderoben, og utlånssystemet er lett å administrera.
- Styrkar samarbeidet mellom bibliotek og barnehage i arbeidet med høgtlesing.
- Ein glimrande moglegheit til å marknadsføre det lokale bibliotektilbodet.
Les meir
Her kan du lese meir om metoden og korleis du kan starte eit tøyveskebibliotek
Les meir om Leselyststrategien
Les om fleire satsingar mellom bibliotek og barnehagar om leselyst
Omtale av tiltaket hjå fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold
Vil ditt bibliotek starte med tøyveskebibliotek? Ta kontakt med fylkesbiblioteket de soknar til.







