Bibliotekåret 2024: Folkebiblioteka set historiske rekordar

I 2024 auka både bokutlån, besøk og deltaking på arrangement. Nye tal frå Nasjonalbiblioteket viser at biblioteka står sterkare enn nokon gong som møteplassar for kunnskap, kultur og fellesskap.

– Tala i bibliotekstatistikken viser at det systematiske arbeidet i biblioteka med formidling og lesing har gitt resultat. Biblioteka står no svært godt rusta til å vidareutvikle arbeidet med å styrkje leselysta, seier Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket.

Nøkkeltal frå 2024:

  • 13,4 millionar bøker lånt ut frå folkebiblioteka (+6,7 prosent frå 2023)
  • 7,8 millionar av desse var barne- og ungdomsbøker – det høgaste talet sidan 2008
  • 26,8 millionar besøk –  det høgaste talet registrert nokosinne
  • 1,87 millionar deltakarar på arrangement i folkebiblioteka –  ny rekord

Korleis ligg biblioteket ditt an? Sjekk tala frå din kommune i Folkebibliotekstatistikken for 2024.

Leselysta aukar i alle aldersgrupper

Barn og unge står for størstedelen av bokutlåna, og interessa har aldri vore høgare. Utlånet av barne- og ungdomsbøker er det høgaste som er registrert sidan målingane vart lagt om i 2008, og dette gjeld både fag- og skjønnlitteratur

– I år ser vi òg ein auke i utlånet av bøker for vaksne, fortel Svein Arne Tinnesand. – Den langvarige trenden med nedgang i bokutlånet for denne gruppa, ser dermed ut til å ha stoppa.

Rekordmange besøk og arrangement

Biblioteka har aldri hatt fleire besøk, og besøk per innbyggjar er no på nivå med tala før pandemien I heile landet blir det arrangert språkkafear, debattar, lesestunder, konsertar, spelkveldar og mykje meir – og deltakinga på desse har auka kraftig dei siste åra.

– Sidan 2015 har Noreg hatt ein nasjonal bibliotekstrategi, og biblioteka har jobba målretta for å nå fleire med fleire arrangement og aktivitetar. No ser vi verkeleg verknaden av dette arbeidet, seier Tinnesand.

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.