Auka kulturaktivitet i 2022

Kulturstatistikken frå Statistisk sentralbyrå (SSB) gjev oss eit overblikk over deltaking, føretak, sysselsetjing og bruk av offentlege midlar innan kultursektoren i Noreg i 2022.

Folkebibliotek-besøk tilbake til nivået før pandemien

Kulturstatistikken viser oss at det var ei auke i talet på besøkjande ved norske folkebibliotek i 2022 samanlikna med dei føregåande åra med korona-restriksjonar. I 2019 var det 26 millionar besøk, dette vart redusert i dei to påfølgjande åra og i 2022 er besøkstala tilbake på nivået som var før pandemien, med 23 millionar besøk.

Det vart lånt ut 12 millionar bøker frå norske folkebibliotek i 2022, ei auke på fire prosent frå 2021. Utlån av bøker utgjorde i gjennomsnitt 2,1 bøker per innbyggjar. Det var 58 000 arrangement på folkebibliotek i 2022, ei auke på 24 000 samanlikna med året før.

Auke i alle kulturtilbod

Årets kulturstatistikk viser at det i 2022 var mange fleire som nytta ulike kulturtilbod etter to år med pandemi. Til dømes hadde norske museum meir enn fire millionar fleire besøkjande og kinoane hadde tre millionar fleire selde billettar, samanlikna med 2021.

Årleg publikasjon frå SSB

Publikasjonen Kulturstatistikk gjev i tekst, figurar og tabellar eit hovudbilete av ulike kulturområde, som offentlege utgifter til kulturformål, sysselsetting og foretaksdemografi i kulturell og kreativ næring, samt oversikt over deltaking i ulike kulturelle aktivitetar.

Datagrunnlaget vert i hovudsak henta inn frå SSB sine granskingar og registerdata samt frå ulike offentlege institusjonar og interesseorganisasjonar. Publikasjonen er finansiert av Kultur- og likestillingsdepartementet.

Les meir om dei ulike delane av statistikken her