Å styrkje den kritiske medieforståinga i befolkninga

Regjeringa legg i dag fram ein strategi for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon i perioden 2025 til 2030.

Strategi for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon (2025–2030)

Strategien er eit svar på ein stadig meir krevjande sikkerheitspolitisk situasjon, aukande bruk av digitale plattformer til påverknad, og ei teknologisk utvikling som gjer det enklare enn nokon gong å spreie falsk og villeiande informasjon, seier dei i pressemeldinga.

Det er ei brei pakke med tiltak som Kultur og likestillingsdepartementet legg fram i strategien. Over 40 tiltak rundt fem hovudsatsingar skal vere med å førebyggje desinformasjon ved å skape tillit i befolkninga og støtte eit opent og opplyst ordskifte.

Å styrkje rolla til biblioteka er trekt fram som eit viktig tiltak for å bygge opp under den fyrste hovudsatsinga : Styrkje den kritiske medieforståinga i befolkninga

Regjeringa vil styrkje arbeidet biblioteka gjer med lesing og leselyst, og kompetansen deira på digital inkludering.

Strategien understrekar at biblioteka er ei motkraft til digital utanforskap, desinformasjon og politisk polarisering. Biblioteka er ein viktig arena der befolkninga får styrka den kritiske medieforståinga si, og strategien trekkjer fram at dette er ein funksjon som bør styrkjast og gjerast meir tydleg.

Under hovudsatsinga Ansvarleggjere sosiale medier vert Nasjonalbiblioteket sitt arbeid med norske og samiske språkmodellar omtala. Slike språkmodellar speglar den norske offentlegheita og dei demokratiske verdiane våre, og skal vere gode alternativ til språkmodellar frå Kina eller USA.

Strategien signaliserer dessutan eit mogleg samarbeid mellom nasjonalbiblioteka i Noreg, Island og Polen innanfor ramma av EØS-midlar knytta til biblioteka som arenaer for samfunnsdebatt, demokratiopplæring og kritisk medieforståing.

Politiske føringar på bibliotekfeltet er nedfelte i den utvida nasjonale bibliotekstrategien Rom for demokrati og dannelse, som gjeld ut 2025. Nasjonalbiblioteket følgjer opp bibliotekstrategien i samarbeid med biblioteksektoren. Strategien for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon påpeiker at samarbeidet vil bli ført vidare også etter at bibliotekstrategien er avslutta.

Les meir