27
mai

Læringsfestivalen

Heldags mandag 27. mai 2024 – tirsdag 28. mai 2024
Både digitale og fysiske arrangement.

Arrangør: NTNU

Læringsfestivalen er ein nasjonal konferanse om læring i høgare utdanning med både fysiske og digitale arrangement. Målsetjingane til konferansen er å presentere erfaringar og refleksjonar og å dele kunnskapsbasert undervisingspraksis. På Læringsfestivalen kan du knytte kontaktar og å etablere nettverk for vidare samarbeid.

Nye moglegheiter


Det skjer mykje nytt og spennande innan undervising og læring på universitets- og høgskulenivå. Nye former for teknologi gir nye moglegheiter, men ikkje alt gir betre kvalitet i undervising og læring.

Det kan vere krevjande å få oversikt over kva som skjer i sektoren, og kva som er nyttig å ta med seg. På Læringsfestivalen får du høyre kva erfaringar andre har gjort og du kan sjølv vere med å diskutere og prøve nokre av nyvinningane.

Målgruppe


Målgruppene for konferansen er alle som er engasjert i høgare utdanning. Det kan vere undervisarar, forskarar og fagmiljø, støtte- og utviklingsmiljø så vel som utdanningsleiarar. Det kan også vere studentar og andre som er interessert i utdanning, til dømes tilsette i vidaregåande opplæring eller i øvrig arbeidsliv.