19
mai

Læringsfestivalen 2025

Heldags mandag 19. mai 2025 – tirsdag 20. mai 2025
Trondheim

Læringsfestivalen er landets største konferanse om læring i høgare utdanning med både fysiske og digitale arrangement.

Arrangør: NTNU

Målsetjingane til konferansen er å presentere erfaringar og refleksjonar og å dele kunnskapsbasert undervisningspraksis. På Læringsfestivalen kan du knytte kontaktar og etablere nettverk for vidare samarbeid.

Nye moglegheiter

Det skjer mykje nytt og spennande innan undervising og læring på universitets- og høgskulenivå. Nye former for teknologi gir nye moglegheiter, men ikkje alt gir betre kvalitet i undervising og læring.

Det kan vere krevjande å få oversikt over kva som skjer i sektoren, og kva som er nyttig å ta med seg. På Læringsfestivalen får du høyre kva erfaringar andre har gjort og du kan sjølv vere med å diskutere og prøve nokre av nyvinningane.

Målgrupper

Målgruppene for konferansen er alle som er engasjert i høgare utdanning.
Det kan vere undervisarar, forskarar og fagmiljø, støtte- og utviklingsmiljø så vel som utdanningsleiarar. Det kan også vere studentar og andre som er interessert i utdanning, til dømes tilsette i vidaregåande opplæring eller andre delar av arbeidslivet.

Arrangementets nettside