Kunstbøker til folket
Kulturrådet inviterer til seminar om kunst- og kunstnarbøker for å diskutere korleis slike bøker kan nå ut til folket.
Arrangør: Kulturrådet
Dei siste ti åra har det vore ei sterk auke i produksjonen av kunst- og kunstnarbøker. Dette er bøker om kunst og kunstnarar, eller bøker som set kunsten inn i ein større teoretisk eller samfunnsmessig samanheng. Det kan òg vere bøker som er meint som eigne kunstverk, og som blir stilt ut som kunst. Eksperimenteringa med materiale og form er ofte markant.
Kulturrådet si tilskotsordning for kunstfaglege publikasjonar og manusutvikling har gjennom mange år støtta både bøker som kunst og bøker om kunst, blant anna kunstnarbøker, fotobøker, større katalogar, fanziner, monografiar, magasinseriar og ulike hybridbøker. Samtidig har kunstbokbransjen lenge vore prega av stram økonomi og manglande strukturar for distribusjon, formidling og innkjøp. Bøkene vert gitt ut på småbokforlag, ofte i få eksemplar, og dei vert som regel presentert og seld på kunstbokmesser, i nisjebokhandlar, på utstillingsstader, eller i samband med kunstnarsamtalar.
Kunst- og kunstnarbøker fortener eit større publikum. I 2022 initierte difor Kulturrådet ein pilot for distribusjon og formidling av slike publikasjonar. Åtte prosjekt fekk tilskot. Nokre av dei er praktiske, medan andre har ei undersøkjande og metodisk vinkling. Alle har bidratt til å samle erfaringar som det er viktig å dele vidare.
I forkant av opninga av kunstbokmessa B*stard under litteraturfestivalen på Lillehammer, inviterer Kulturrådet til seminar for å samle og dele erfaringar frå piloten for distribusjon og formidling av kunst- og kunstnarbøker. Alle dei åtte pilotprosjekt vert presentert, og det vert innlegg og panelsamtale med aktørar i feltet.