11
des

Informasjonswebinar Erasmus+ Småskalapartnarskap

Torsdag 11. desember 2025, at 14:00 – 15:30

Ønskjer de å ta steget mot eit europeisk samarbeid innan utdanning og kompetanseutvikling? Velkommen på nettseminar om moglegheitene som finst i Småskalapartnarskap!

I samband med utlysinga for Erasmus+ Småskalapartnarskap (KA210), inviterer HK-dir til nettseminar med informasjon om tiltaket.

Meir informasjon om tiltaket finn du på nettsidene våre.

Kven kan delta?

Arrangementet er ope for alle aktørar som er interesserte i å søke midlar til småskalapartnarskap innanfor sektorane skule og barnehage, vaksne si læring og fag- og yrkesopplæring.

Fordi småskalapartnarskap skal vere ein inngangsport til Erasmus+, retter tiltaket seg særskilt mot nykommarar og uerfarne søkarar som ikkje har erfaring med Erasmus+ frå tidlegare. Innhaldet i nettseminaret er difor særleg retta mot desse aktørane.

Det vil vere moglegheit for å stille spørsmål undervegs.

Andre arrangement for potensielle søkarar til småskalapartnarskap:
– Søkarwebinar: Torsdag 15. januar kl. 13.30-15.30. Eige arrangement kjem.
– Open søknadskafé: Tysdag 20. januar kl. 14.00-15.30. Eige arrangement kjem.

Hald deg oppdatert om nyheiter, kurs og arrangement

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev!

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.