
Det bergenske bibliotekseminar 2025 – Lesekultur og demokrati
Arrangør: NBF Vestland
Norsk bibliotekforening Vestland, Bibliotekarforbundet Vestland, Vestland fylkeskommune v/bibliotekutvikling Vestland og Bergen Offentlige Bibliotek inviterer til Det bergenske bibliotekseminar
Lesekultur og demokrati
«Å kunne lese er nødvendig for det meste i livet vårt. Derfor er en befolkning med gode lesere viktig for samfunnet og demokratiet.»
– Dette står i Leselyststrategien som regjeringa kom med sommaren 2024. Leseferdigheitar og djupdelesinga er under stadig press frå smarttelefonar og andre teknologiske distraksjonar. Korleis kan lesing vere beredskap og ei redning for både demokrati og ytringsfridom? Korleis kan biblioteka legge til rette for ein styrka lesekultur?
PROGRAM
10.00: Velkommen og introduksjon til programmet ved Elin Golten, fagleg leiar ved bibliotekutvikling, Vestland fylkekommune
10.05: Presentasjon av NBF sitt utval for Ytringsfrihet og demokrati
Utvalet har som formål å arbeida med likeverdig og gratis tilgang til informasjon og kunnskap, ytringsfridom, integrering og biblioteka som demokratiarena. Dette vert eit stadig viktigare arbeid i ei tid med auka mengd informasjon, samtidig som teknologi og sensur gjer det vanskelegare å finna fram i jungelen av sanningar og løgner.
I dag blir biblioteka nasjonalt og internasjonalt møtt med press om å avgrensa utval og tilgang til informasjon frå ulike grupper av samfunnet. Rolla til biblioteka i demokratiske prosessar gjennom livslang læring viser seg som sentral i folk sitt møte med biblioteket undervegs i livet, frå barneavdeling til skulebibliotek, frå universitetsbibliotek til folkebibliotek.
John-Wilhelm Flattun er leiar for NBFs Utvalg for ytringsfridom og demokrati, han jobbar på Universitetsbiblioteket i Bergen og forskar mellom anna på propaganda, pedagogikk, teknologi og kjeldekritikk. Han vil presentera utvalet sitt arbeid og prioriteringar knytt til plassen biblioteket har i samfunnet.
LESEKULTUR OG FELLESSKAP
10.15: Lommer av lesetid. Litteraturlesing og digital fråkopling ved Kari Spjeldnæs / Kristiania
Kari Spjeldnæs er forskar, forfattar og tidlegare forlagsredaktør. Dei seinare åra har ho forska på kva kontinuerleg digital påkopling gjer med lesing av litteratur. Spørsmålet om kva som skjer med evna til merksemd treng stadig meir merksemd når konsentrasjonen er utsett flyktige forstyrringar i eit dørgande køyr. I foredraget deler ho oppdatert kunnskap om kva som skjer med samanhengande lesing over tid og klargjer kvifor konsentrasjon har vorte ein knapp ressurs.
11.15: Formidling på nye område ved Gunnbjørg Johannessen og Mirjam Eiksund/Ny-Krohnborg fellesbibliotek – Årets bibliotek 2023.
Johannessen og Eiksund vil fortelje korleis dei arbeidar med aktiv formidling, og korleis me kan utforske og utvide formidlingsrommet og bruke formidling til å bidra til å bygge lokalsamfunn. Gunnbjørg Olea Johannessen er formidlar og har ansvar for programutvikling, vaksenarrangement og barnehagebesøk. Mirjam Johanna Øien Eiksund er formidlar og skolebibliotekar. Ho jobbar i tillegg med arrangement og formidling for barn og unge, samt ulike prosjekt som Klimafestivalen Junior og Uke 17.
11.30: Djuplesing ved Joanna Pacula /Bergen offentlige bibliotek
Joanna Paucula er litteraturformidlar på Bergen Offentlige Bibliotek, har utdanning som bibliotekar og i kulturhistorie. Evna vår til å fokusere vert stadig utfordra og sett på prøve. Djuplesing er ein metode som skapar rom og mogelegheit til ein uforstyrra stille felleslesing på biblioteket. Publikum blir invitert til å lese saman i eit rom der digitale forstyrringar ikkje er tillat. Arrangementet er inspirert av Ståle Wigs seminarer på Universitetet i Oslo
11.45 Booktok og platformisert lesekultur ved Camilla Holm Soelseth/OsloMet
Camilla Holm Soelseth har ei doktorgrad i bibliotek og informasjonsvitskap frå institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsvitskap ved Oslomet, og er leiar av det nasjonale forskingsnettverket for digital humaniora og kulturorganisasjon (DHKO). Spesialfeltet hennar er digital kultur og digital kulturformidling. For tida er ho leiar av eit mini-prosjekt som ser på nærværet til folkebiblioteka og aktivitet på TikTok generelt, og BookTok spesielt.
12.15: Lunsj
DEMOKRATI OG DESINFORMASJON
13.00: Påverknadsoperasjonar og manipulasjon på nett og sosiale medium ved Eskil Grendahl Sivertsen /Forvarets forskingsinstitutt
Sosiale medium og nett har vorte ein kamparena for makt og innverknad gjennom påverknad og manipulasjon. For Russland er dette ein sentral del av Putins maktpolitiske verktøykasse. Kva er eigentleg påverknadsoperasjonar og kva metodar og verkemiddel blir brukte, inkludert kunstig intelligens? Eskil Grendahl Sivertsen er spesialrådgivar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og ein av dei fremste ekspertane i landet på påverknadsoperasjonar og kognitiv krigføring. Han har både sivil og militær bakgrunn, mellom anna som rådgivar for seks forsvars- og utanriksministrar og offiser i psykologiske operasjonar (PSYOPS).
13:45: «Seniorsurf: Digital inkludering på biblioteket ved Odd Harald Opdal/Austevoll bibliotek
Odd Harald Opdal er bibliotekar ved Austevoll folkebibliotek og har sidan hausten 2021 drifta tilbodet Seniorsurf i samarbeid med Seniornett Austevoll. Kvar veke samlast deltakarar til praktisk gjennomgang av digitale tema som digital tryggleik, velferdsteknologi, kunstig intelligens og foto. I fjor haust besøkte Noreg Rundt ei av øktene og laga reportasjen, Seniorer på datakurs.
Gjennom åra med digital opplæring har Opdal samla erfaringar om oppstart, gjennomføring og korleis ein kan leggja til rette for eit godt tilbod for eldre som ønskjer å delta i den digitale kvardagen. Desse erfaringane vil han presentera på Det Bergenske Bibliotekseminar
14.15.: Forbodne bøker – ytringsfridom og sensur ved Cathinka Neverdal/Humsam-biblioteket UIO
Cathinka Neverdal, fagreferent ved Humsam-biblioteket, UiO, og fagleg prosjektleiar for Forbudte Bøker-veka Noreg.
Den første felles markeringa av Forbudte bøker-uka Noreg vart gjennomført i oktober 2024. Markeringa bidrog til auka merksemd om sensur, ytringsfridom og demokrati, og vart ei landsdekkjande feiring av lesefridommen. Kva former for sensur påverkar bibliotekverksemda, og kva gjer me med det?
14:45: Workshop/kafédialog
15:30: Avslutning og takk for i dag.
Praktisk informasjon:
Earlybird-pris fram til 3. februar:
400,- for medlemmer av NBF/BF
550,- for ikkje-medlem
Etter 3. februar:
500,- for medlemmer av NBF/BF
650,- for ikkje-medlem