13
jan

Berekraft i bibliotek – om Klimafestivalen Junior og veke 17

Tirsdag 13. januar 2026, at 09:00 – 10:00
Teams-lenke blir sendt ut til påmelde

Arrangør: Eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Bergen Offentlige Bibliotek

Velkommen til ei digital samling som inspirerer til arbeid med berekraft i bibliotek, og peiker fram mot arrangement i veke 17.

Bergen Offentlige Bibliotek har skapt Noregs største klimafestival for barn, i partnarskap med klimafestivalen Varmere Våtere Villere. Festivalen er eit årleg arrangement med mål om å støtte barn og unge sitt klimamedvit, motstandskraft og samfunnsdeltaking.

Bli med på samlinga og høyr korleis litteratur, vitskap, handverk og kulturprogram kan kombinerast for å inspirera til handlekraft og handling. Hans Eirik Systad Tyssen (prosjekteigar) og Siri Raknes (prosjektleiar) deler erfaringar med programmering og samarbeid med eksterne partar.

Bergen Offentlige Bibliotek i veke 17

Biblioteket i Bergen har jobba med veke 17 sidan den starta opp i Noreg i 2024 – Mirjam Johanna Øien Eiksund informerer om erfaringane dei har gjort.

Hald deg oppdatert om nyheiter, kurs og arrangement

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev!

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.