Digital møterekke om tiltak for å nå dei yngste med lesing

Hausten 2024 blir det arrangert ei møterekke om tiltaka i læringsressursen Leselyst med dei minste – saman om lesekultur.

10.10 Kva seier forskinga om høgtlesing med dei yngste?

Professor Trude Hoel ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) presenterer forskingsbasert kunnskap om betydninga av høgtlesing med dei yngste barna.

15.10 Bokstart

Sigrun Feiring, prosjektansvarlig for Bokstart i Foreningen !les og forfatter av leksjonen om «Bokstart og språk fra første stund» i læringsressursen «Leselyst med dei minste», deler erfaringer fra Bokstart-prosjekt i Norge og gir en introduksjon til leksjonen.

22.10 Tøyveskebiblioteket

Bli betre kjent med tøyveskebiblioteket! Veronica Mørch, spesialbibliotekar ved Nordland fylkesbibliotek, og Malin Kvam, seniorrådgivar ved Trøndelag fylkesbibliotek, presenterer det med utgangspunkt i leksjonen om tøyveskebiblioteket. Dei har fått med seg biblioteksjef Siri Anette Brøndbo Solum som deler erfaringar frå innføring av tøyveskebiblioteket i Overhalla kommune.  

29.10 Litterære opplevingar for alle

Korleis formidle til alle barn, uavhengig av kven dei er og kva behov dei har?

Med utgangspunkt i erfaringane frå prosjektet «Bok til alle fysisk og digitalt» fortel bibliotekar Ellen Marit Schjerverud ved Horten bibliotek og rådgivar Aase Wivestad i Vestfold fylkeskommune om korleis ein kan legge til rette for alle i bibliotekrommet ved hjelp av kommunikasjonsmetoden alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).

Prosjektet er grunnlaget for leksjonen «Litterære opplevelser for alle barn» i læringsressursen «Leselyst med dei minste». Der kan du lære meir om ASK og korleis du kan bruke ASK i formidling i bibliotek og barnehage.

5.11 Bok i bruk i barnehagen/ Lesefrø