Kompetansebanken samlar kurs, videoar, arrangement og ressursar som rettar seg til deg som jobbar i bibliotek og som vil auke kunnskapen din – både for di eiga del, og for å hjelpe brukarane du møter i kvardagen.
Kven står bak?
Kompetansebanken er eit initiativ frå «Formidling i folkebibliotek», eit felles prosjekt blant alle fylkesbiblioteka i landet. Nasjonalbiblioteket står for plattform og tekniske utvikling, medan fylkesbibliotek og andre produserer og tilbyr innhaldet i plattforma.
Målet er at vi har ein stad der vi deler kunnskap og gjer det enkelt å finne inspirerande og relevante kompetansehevande tiltak. Innhaldet er kvalitetssikra av fylkesbiblioteka, og i stor grad initiert og produsert av dei. I tillegg deler Nasjonalbiblioteket ulike ressursar som er til nytte for bibliotektilsette.
Plattforma er open for alle, men dersom du loggar deg inn kan du følgje progresjonen din i kursa. I tillegg kan det vere innhald som ligg bak innlogging grunna opphavsrett.
Sit du på noko som andre kan lære av? Send oss bidrag eller ein epost.