Nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge 

Oppdatert kunnskap for deg som formidler litteratur til barn og unge!

Nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge er ei heilt nettbasert vidareutdanning for lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar.

Norsk barnebokinstitutt tilbyr eit årsstudium i Samtidslitteratur for barn og unge

Varigheit: 1-årig vidareutdanning på deltid

Studiepoeng: 30

Studiestart: August

Studentane lærer om dei sentrale tendensane innan eit breitt mangfald av litteraturformer. Forvent å lære om alt frå nye teikneserieromanar til berekraftstematikk i litteraturen. Studentane får tett veiledning, dialogiske og fleksible arbeidsformer, og læringsgrupper kor studentane får utbytte av kompetansen til kvarandre. Studiet kan justerast etter den einskilde sine behov for fagleg fordjuping, og har eit gjennomgåande formidlingsperspektiv

Studiet passar for:

Deg som er formidlar av litteratur til barn og unge, anten det er i skule, bibliotek eller på andre arenaer.