Bruk av bilete på internett- opphavsrett og bibliotek

Kva som er lov og kva som ikkje er lov å legge ut av fotografi og bilete på nett og i sosiale medium, kan skape hovudbry for dei fleste som jobbar med nettpublisering.

For å hjelpe på veg, har vår jurist ved Nasjonalbiblioteket laga ei innføring i reglane for bruk av bilete og fotografi på nett for biblioteksektoren. Innføringsdokumentet finn du nedst på sida, og det går inn på nokre av hovudprinsippa under åndsverklova og opphavsretten.

Her er eit utdrag av dei viktigaste reglane ut frå problemstillingar som biblioteka kan ha når dei publiserer på nettet.

Kva bilete kan du publisere på nettet?

Du kan nytte bilete som er «falne i det fri»

At eit bilete er «falle i det fri» betyr at det ikkje lenger er verna av opphavsretten. For fotografiske bilete er den lengste vernetida 15 år frå fotografen sitt dødsår eller 50 år frå biletet blei teke. For fotografiske verk er det 70 år frå opphavspersonen sitt dødsår. Ver merksam på at det kan vere andre enn fotografen som eig retten til eit bilete. (Åndsverklova §11 og §23)

Det er ikkje noko fasitsvar på kva som er eit fotografisk verk eller eit fotografisk bilete, og ein må i praksis gjere ei individuell vurdering.

For å ha vern som fotografisk verk må biletet ha verkshøgd. Verkshøgd inneber at fotografen har gjort frie og kreative val på førebuingsstadiet, fotografistadiet og framkallingsstadiet, som tilfører fotografiet originalitet i tydinga at det er ein individuelt prega skapande innsats.

Rein attgjeving av motiv går gjerne under kategorien fotografisk bilete.

Du kan nytte bilete med opphavsrett under spesielle vilkår 

Innanfor vernetida er det ulike situasjonar der du kan nytte eit bilete likevel. Anten fordi det går under ulike typar av fribruksreglar i åndsverklova, eller fordi du har samtykke frå den som sit på rettane.

Samtykke:

Det beste er å få samtykke gjennom avtale med dei som eig rettane til bileta. Dette vil vere i tilfelle der du bestiller bileta av fotograf, eller der du kontaktar eigar for å få løyve til å bruke bileta.

Fribruksreglar:

Sitatretten – Gjenbruk av bilete som sitat, kan gå under den generelle sitatretten. Eit høve der dette kan vere aktuelt for bibliotek, er å nytte bilete til bokanbefalingar. Då kan eit bilete bli brukt til illustrasjonsformål for anbefalinga, og kome innunder sitatretten. Her vil du måtte bruke skjønn, og dersom du er usikker, er det lurast å klargjere med den som eig rettane. (Åndsverklova §29)

Fotositat – Det er ein eigen del av fribruksregelen som gjeld fotositat. Denne regelen seier at det er lov å vise bilete i tekst i samband med oppgåver og kritisk eller vitskapleg framstilling. Biletet må vere i ein samanheng med teksten og ha eit illustrasjonsformål, slik at det er eit sitat. (Åndsverklova §37)
I biblioteksamanheng vil dette vere i tilfelle der det er ei kritisk og vitskapleg framstilling som rettar seg mot eit smalare publikum, og som ikkje inngår i den generelle formidlinga.

Avtalelisens – Å ha ein avtalelisens kan gje løyve til bruk gjennom avtale med godkjent representativ organisasjon. For ABM-sektoren kan dette dekkje både digitalisering og deling på nett av offentleggjort fotografisk verk og bilete. (Åndsverklova § 50)

BONO er godkjent for klarering av fotografi, og du kan kontakte dei for fleire detaljar.

Du kan nytte bilete som har lisens til bruk:

Bilete som allereie ligg på nett, kan brukast dersom du finn ein lisens som gjev løyve til bruk. Dette løyvet kan stå spesifikt i samband med det enkelte biletet, eller det kan ligge under ulike standardlisensar.

Her er dei mest brukte standardlisensane som gjev løyve til bruk, dei såkalla Creative Commons-lisensane:

  • Public domain – Biletet er utanom vernetid, og er falle i det fri.
  • CC0 – Eigaren gjev frå seg rettane. Du må namngje kjelde.  
  • CC-BY – Du må namngje kjelde.
  • CC-BY-SA – Biletet kan endrast på og delast på same vilkår. Du må namngje kjelde.
  • CC BY- ND – Biletet kan ikkje endrast på. Du må namngje kjelde.
  • CC BY-NC – Biletet kan endrast på, men berre til ikkje-kommersielt bruk. Du må namngje kjelde.
  • CC BY-NC-SA – Biletet kan endrast på, men berre til ikkje-kommersielt bruk, og må delast på same vilkår. Du må namngje kjelde.
  • CC BY NC-ND – Biletet kan ikkje endrast, og er berre til ikkje-kommersielt bruk. Du må namngje kjelde.

For meir detaljert skildring gå til Creative Commons Norge sine sider

Ideelle rettar knytt til eigaren eller til verket sjølv.

Uansett kva type lisens eller avtale du har, har eigaren og fotografen alltid rett til å verte namngjeven som opphavsrettsleg kjelde etter god skikk.

Du skal heller ikkje endre eller vise fram verket på ein måte som kan krenke verket eller skaparen av verket.

Kva kan følgjene vere dersom du bryt desse rettane?

Åndsverklova har eigne sanksjonsreglar, og erstatning og vederlag er det mest aktuelle dersom eit bibliotek vert klaga inn for å ha krenka opphavsretten.

Du kan vere erstatningspliktig både om du har handla med forsett, uaktsamt eller i god tru. Dette vil avgjere om du må betale eit rimeleg vederlag, erstatning for skade eller eit vederlag tilsvarande vinninga som er oppnådd ved regelbrotet. (Åndsverklova §81)

Fordjuping og klargjering av desse punkta finn du i dokumentet «Fotobruk på nett for bibliotek»

Vidare lesing