Kompetanseområder ved Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket er ein mangfaldig institusjon som tek vare på, gjer tilgjengeleg, formidlar og forskar på norsk kulturarv. I tillegg er Nasjonalbiblioteket med å utviklar nasjonal bibliotekpolitikk og tilbyr felles tenester og ressursar som fremjar bibliotekutvikling og er til hjelp for norske bibliotek.

Tilgjengeleggjering

Digital formidling og nettbiblioteket

Nettbiblioteket inneheld heile det digitaliserte materialet Nasjonalbiblioteket har skanna. Nettbiblioteket veks såleis etter kvart som Nasjonalbiblioteket utvidar innsamlinga si.

Avdeling for digital formidling utviklar nettsidefunksjonalitet til databasen nettbiblioteket, styrer tilgangar og utviklar nye tenester knytt til samlingane.

For å bistå biblioteka har Nasjonalbiblioteket tenester som gjev utvida tilgang til materiale i Nettbiblioteket. Dette inkluderer ei teneste for aviser og ei teneste for tilgang til pliktavlevert materiale. Det er publikumstenesta og avdeling for bibliotekutvikling som bidreg med opplæring i bruk av desse tenestene til bibliotektilsette.

På nettsidene til bibliotekutvikling.no og nb.no finn du oversikt over kven som har tilgang til kva, og hjelp til framgangsmåtar for å nytte tenestene.

Publikumsteneste

Publikumstenesta er Nasjonalbiblioteket si teneste til brukarar som kjem til Solli plass. Hjå dei får ein hjelpe og tilgang til bibliotektenesta, bruk av lesesalar og tilgang til spesialsamlinga. Dei har også tenesta spør Nasjonalbiblioteket

Formidling

På Solli plass i Oslo kan publikum vitje utstillingar og delta på jamlege arrangement. Nasjonalbiblioteket arbeider med redaksjonell formidling gjennom podkastar, sosiale medier, videoreportasjar og strøyming på nett,  tilgjengeleg for alle

Skuletilbodet er ei eiga teneste der skuleklassar ved vidaregåande skular kan få både fysiske og digitale foredrag, og omvising med utgangspunkt i utstillingane. Tilbodet er gratis.

Bevaring

Digital og analog bevaring


Nasjonalbiblioteket er eit nasjonalt kompetansesenter innan digital og analog bevaring, konservering og restaurering av alle medietypar.

I Mo i Rana finns sikringmagasin og automatlagera

Musikkfilm og handskrifter har eigne seksjonar og fagtilsette

For spørsmål knyttet til dette, kontakt NBs konservatorar.
Kontakt: FF-konservering@nb.no

Kulturarvdigitalisering

På oppdrag frå Storting og Regjering har Nasjonalbiblioteket oppskalert digitaliseringsaktiviten i Mo i Rana. Dei bidreg  til å bevare og gjere tilgangen enklare av kulturarven i ABM-institusjonane i Norge gjennom digitalisering av materiale for alle tre sektorane.

Forsking

Fag og forsking

Nasjonalbiblioteket er ein forskingsinstitusjon som legg til rette for og driver forsking og utvikling på egne samlingar. Dette inneberer eigne prosjekt og samarbeid med andre forskingsmiljø og forskingsinstitusjonar.

Døme på forskinga er språkteneste  Språkbanken  og avdeling for sjeldne bøker og handskrifter. Nasjonalbiblioteket tilbyr også forskarar forskingsplass på Solli plass.

Liste over forskingsprosjekt Nasjonalbiblioteket deltek i.

Metadata

Tilvekst og katalogisering

Nasjonalbiblioteket set nasjonale standardar for produksjon av metadata for dei media som er omfatta av pliktavleveringsloven. Dette gjeld òg standardar for digitalt materiale. Felles utvikling av RDA, Dewwey autoritetsregister og tesaurus er også del av oppgåvene til NB.

Kunnskapsorganisering
Kontakt: metadata@nb.no

Anna

Juridiske tenester

Nasjonalbiblioteket sine juristar tilbyr gratis rådgjeving innan opphavsrett, personvern og pliktavlevering samt anna relevant lovgjeving til abm-institusjonar. Send e-post til, eller ring, dersom du har spørsmål du trur juristane kan svare på. Juristane held òg jamleg foredrag og kurs.

Juridiske ressursar
Kontakt: juss@nb.no
Tlf. 810 013 00

Lokalhistorisk institutt

Instituttet si hovudoppgåver er å fremje lokalhistorisk og regionalhistorisk verksemd i Noreg. Dette gjer dei gjennom å  gjennom eiga lokalhistorisk forsking, gjennom dokumentasjon og formidling og gjennom kurs, rettleiing og tenesta Lokalhistorisk wiki.

Ei viktig oppgåve er å gi råd både til dei som produserer og dei som brukar lokalhistorie. Dei gir råd i arbeid med bygdebøker, med slektshistorie, med historiske kjelder og andre lokalhistoriske utfordringar

Alle kan produsere og publisere artiklar i Lokalhistorisk wiki. og samskapinga mellom profesjonelle og frivillige er ein viktig del av wikien.

Fleirspråkleg bibliotek

Det flerspråklige bibliotek (DFB) er ei teneste frå Nasjonalbiblioteket. DFB er eit støtteapparat for alle landets bibliotek, så dei er i stand til å betene brukarar på det fleirkulturelle feltet på en effektiv måte.

Tibi – Biblioteket for tilrettelagt litteratur

Tibi (tidligere NLB) er ei teneste frå Nasjonalbiblioteket som lagar og lånar ut lydbøker, e-bøker og bøker i punktskrift. Formålet med tenesta er at menneske som har vanskar med å lese visuell tekst, skal kunne delta i samfunnet på linje med andre.

Tilrettelagt litteratur frå Tibi er eit supplement til folkebiblioteka sitt tilbod. Ved å kjenne og formidle tenesta, bidreg biblioteka til at fleire får tilgang til bøker og informasjon.

Bibliotekutvikling

Nasjonalbiblioteket bidrar til å utforme og gjennomføre ein nasjonal bibliotekpolitikk for folke- og fagbibliotek. Avdeling for bibliotekutvikling arbeider med å utvikle dette området.
Kontakt: bibliotekutvikling

I Nasjonalbibliotekets mandat står følgjande:

«Nasjonalbiblioteket har spisskompetanse på konservering og bevaring av alle medietyper og informasjonsbærere. Dette gjelder også innenfor kunnskapsorganisering og utvikling og bruk av moderne digitale verktøy og tjenester på disse områdene. Gjennom satsningen på digitalisering har Nasjonalbiblioteket i tillegg over flere år utviklet spisskompetanse på massedigitalisering og digital langtidsbevaring. Nasjonalbiblioteket skal tilby kompetanse og tjenester til andre arkiv-, bibliotek-, og museums-institusjoner innenfor disse områdene. I tillegg har Nasjonalbiblioteket en særskilt ansvar for å tilby de samme institusjonene juridisk rådgivning innenfor opphavsrettfeltet. «