Evaluering av Nasjonal bibliotekstrategi
Evaluering av Nasjonal bibliotekstrategi
Nasjonalbiblioteket ynskjer å måle effekten av strategien og korleis han har påverka biblioteka og bibliotekbrukarane.
I løpet av dei siste ti åra er det blitt lagt fram to nasjonale bibliotekstrategiar. Den fyrste strategien var for åra 2015-2018, og vart evaluert i 2018. Den neste strategien blei laga for åra 2020-2023, med ei utviding til 2025.
Nasjonalbiblioteket ynskjer no å få meir kunnskap om kva effekt nasjonal bibliotekstrategi 2020–2025 har hatt gjennom perioden, og korleis han har påverka biblioteka og bibliotekbrukarane.
Det er analysebyrået Opinion som gjennomfører evalueringa. Dette arbeidet blir gjennomført no i fyrste halvdel av 2026. Arbeidet inneber undersøkingar både blant folke- og fylkesbibliotek og i befolkninga, i tillegg til at ein gjer ei evaluering av tiltaka i strategien.
I undersøkinga som vert send til bibliotekleiarane i alle norske folkebiblioteket er det spørsmål om blant anna:
- Kjennskap til Nasjonal bibliotekstrategi og strategiens satsingsområde
- Kva tenester frå Nasjonalbiblioteket biblioteka kjenner til og brukar
- Synspunkt på Nasjonalbiblioteket si rolle som utviklingsaktør for folkebiblioteka
- Spørsmål om utviklinga i biblioteksektoren i løpet av strategiperioden
- I kva grad strategien har bidrege til utvikling ved det enkelte biblioteket
Svara er viktig for at evalueringa skal gje eit så godt og representativt bilde som mogleg av korleis strategien har verka ute i sektoren. Vi vonar alle folkebibliotek deltek, slik at vi kan fange opp erfaringar frå bibliotek av ulik storleik og frå heile landet.