Siste møtet i Strategisk råd
Siste møtet i Strategisk råd
Strategiperioden for Nasjonal bibliotekstrategi (2020-2025) er snart over og siste rådsmøtet vart nyleg gjennomført

Strategisk råd består av 15 medlemmar frå bibliotek over heile landet. Dei skal bidra til at Nasjonalbiblioteket fører ein god, regelmessig og samordna dialog med biblioteka i strategiperioden for Nasjonal bibliotekstrategi (2020-2025).
Strategiperioden går mot slutten, og det siste rådsmøtet for strategisk råd vart nyleg gjennomført.
Møtet inneheldt eit tilbakeblikk på dei to strategiperiodane og eit blikk på vegen vidare.
På møtet fekk rådsmedlemmene presentert ein gjennomgang av perioden og dei to bibliotekstrategiane (2015-18 og 2020-2025), blant anna med bakgrunn for strategiane, satsingar, framståande personar og politisk forankring. I Utvida nasjonal bibliotekstrategi ut 2025 har dei to sentrale tiltaka vore felles formidlingsløysing og metadatabrønn.
I tillegg fekk rådet presentert Nasjonalbibliotekets arbeidet med nytt råd og ny organisering av bibliotektenester i Nasjonalbiblioteket. Rådet kom óg med nyttige innspel til områder der dei ynskjer Nasjonalbiblioteket kan spele ei rolle for nasjonal bibliotekpolitikk dei komande åra.
Nasjonalbiblioteket legg opp til ei ekstern evaluering av strategien i løpet av våren 2026.