Spennande grunnkurs om digital kjeldebevisstheit i biblioteket
Korleis kan biblioteket støtte publikum i jakta på informasjon? Dette vil Tenk, ein del av Faktisk.no, lære tilsette i biblioteket meir om.
Tenk, seks fylkesbibliotek og Sandnes bibliotek har utvikla eit heilt nytt digitalt grunnkurs i kjeldebevisstheit og kritisk mediebruk for dei som jobbar i biblioteket.
– Støtte til å finne fakta og vurdere digitale kjelder er ei teneste som innbyggarar bør kunne forvente å finne i eit kvart bibliotek. Men fleire kan sikkert kjenne seg igjen i at det er færre som kjem til biblioteket med denne typen problemstillingar, seier prosjektleiar Britt Ellingsdalen, fylkesbiblioteksjef i Rogaland.
Etablere ein basiskompetanse
Her har det danna seg ein vond sirkel, forklarer Ellingsdalen. Ho viser til at tilsette gjerne har lite kompetanse på kjeldevurdering og faktasøking, noko som gir dårleg sjølvtillit. Det fører så til inga marknadsføring, som igjen gjer at ingen kjem og spør om hjelp.
-Målet med dette kurset er difor å etablere ein basiskompetanse i biblioteka, slik at vi trygt kan seie til eigne innbyggarar og elevar: Biblioteket kan hjelpe deg med å finne fakta og vurdere kjelder, seier Ellingsdalen.
Ideen til eit felles kompetanseløft kom frå biblioteksjefen i Sandnes, Trude Svanes, etter Sølve Kuraas Karlsen frå Tenk haldt eit føredrag under bibliotekseminaret i Stavanger i 2023. Han, og resten av redaksjonen i Tenk, hadde også lagt merke til behovet.
-Dagens informasjonslandskap utviklar seg i ein rasande fart. Biblioteka har alltid vore ein hjørnestein i demokratiet når det gjeld formidling av informasjon. Difor er det viktig å gje dei som jobbar på biblioteket oppdatert kunnskap. Med dagens utvikling er kjeldekritikk nøydd til å bli tatt opp på eit heilt nytt nivå, seier Sølve Kuraas.
Regjeringa lagar strategi
Problemstillingane er mange: Korleis skal folk vite om nyheita dei les om vaksinedaud er ekte eller falsk? Korleis skal ein stille seg til bilde og informasjon som har blitt KI-generert? Kva treng folk av kunnskap når dei navigerer rundt på nett?
I april blei det klart at regjeringa vil sette i gong eit arbeid og lansere ein strategi for å styrke befolkninga si motstandskraft mot desinformasjon. Dette kurset vil hjelpe biblioteka til å vere med på dette arbeidet. Gjennom dei ulike kursdelane vil ein bli introdusert for praktiske verktøy og metodar som kan brukast i møte med publikum. Blant det ein lærer er:
- Faktasjekk som metode for å rettleie publikum i å vurdere informasjon.
- Å hjelpe publikum til å bli betre på kjeldebevisstheit og kritisk lesing.
- Om generativ kunstig intelligens og korleis kjenne igjen og møte KI-generert informasjon.
- Korleis hjelpe publikum i å møte svindelforsøk på nett.
- Korleis søke etter og vurdere informasjon i eit hav av KI-genererte bilde.
Kurstilgang vert formidla via fylkesbiblioteka
Ta kontakt med ditt fylkesbibliotek for å få tilgang til kurset. Fylkesbiblioteket sender biblioteket ein kode som du bruker til å registrere deg i kursmodulen til tenk.faktisk.no/kurs
Du tek kurset individuelt, men du blir sterkt oppfordra til å diskutere tematikken med kollegaer etterpå, samt uføre dei konkrete formidlingsaktivitetane som blir skildra i kurset. Kurset inneheld fem delar som tek føre seg kvart av punkta på lista over. Kvar del tar rundt 45 minutt å gjennomføre.
Del 1 og 2 av kurset er allereie klare. Del 3, 4 og 5 blir publisert gjennom vinteren og våren 2025.
Etter fullført kurs vil kvart bibliotek få materiell for å støtte formidlinga av den nye kompetansen.
Les meir om kurset på Tenk sine sider
Kurset er laga og utvikla av Tenk, ein del av Faktisk.no, i samarbeid med fylkesbiblioteka i Rogaland, Innlandet, Møre og Romsdal, Trøndelag, Vestland og Telemark, samt Sandnes bibliotek. Prosjektet har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket