Referat frå møte i strategisk råd

Nasjonal bibliotekstrategi skal gjennomførast i perioden 2020–2025, og strategisk råd skal gje råd til Nasjonalbiblioteket i arbeidet.

Rådet møtes to gonger om året, og haustens møte fann stad 15.10.2024.

Hovudsaker på haustens møte var regjeringa sin leselyststrategi og arbeidet med felles formidlingsløysing for biblioteksektoren. Nasjonalbiblioteket orienterte om det pågåande arbeidet, og at desse tiltaka vil binde opp store deler av  tippemidlane til prosjekt og aktivitet dei neste åra.

I tillegg orienterte Nasjonalbiblioteket om arbeidet med metadataleveranse, oppfølging av lydbokutgreiinga og pliktavlevert materiale.

Strategisk råd består av 15 medlemmar frå bibliotek over heile landet. Rådet skal bidra til at Nasjonalbiblioteket fører ein god, regelmessig og samordna dialog med biblioteka i strategiperioden.


Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.