Auka leselyst og høgare utlån i skulebibliotek som deltek i Kulturrådets forsøksordning

Hovudfunn frå intern evaluering av forsøksordninga viser positive resultat.

Kulturrådet si forsøksordning for innkjøp og distribusjon av kulturfondbøker til skulebibliotek har vore ei treårig forsøksordning (2020-2022) med formål å gje born og unge tilgang til eit større utval av nye norske bøker gjennom skulebiblioteket. Prosjektperioden vart forlenga med eit år i 2022, ut 2023.

Det har vore gjennomført ei intern evaluering av ordninga undervegs i forsøksperioden,  med årleg rapportering frå deltakande skulebibliotek. Sluttrapporten frå den interne gjennomgangen vert lansert til hausten , men hovudfunna er klare og publiserte.

Skulane rapporterer om at ordninga i stor grad har resultert i auka leselyst og høgare utlån.

Resultata frå dei tre årlege spørjeundersøkingane viser at dei aller fleste skulane er svært nøgd med forsøksordninga.

Nær 90 % av skulebiblioteka rapporterer om auka utlån. Fleire elevar låner bøker, og dei som allereie var lånarar, låner meir. Tidsbruken for lesing har auka, særleg i skulen.

I tillegg meiner 3 av 4 bibliotekarar at forsøksordninga har ført til at lærarane har brukt biblioteket meir, og at skulebiblioteket er vorte meir integrert i det pedagogiske arbeidet ved skulen.

Suksesskriterier og barrierar

Rapporten kjem også inn på dei viktigaste suksesskriteria for ei god ordninga, og dei største hindringane mot å lukkast. Å ha eit godt utval av bøker, gjennomarbeida formidlingsopplegg knytt til samlingane og engasjement blant dei tilsette er viktige kriterier for å lukkast. Manglande tid, manglande budsjett eller manglande personale er derimot peika på som dei største barrierane for ei god ordning.

Kulturrådet ønsker å utvide ordninga

Kulturrådet har i sin budsjettsøknad for 2024 bede regjeringa om ei auke på 18 millionar kroner for å kunne utvida ordninga frå 200 til minst 700 skulebibliotek, og å inkludere ei større litterær breidde, blant annet av omsett litteratur. Ei tydeleg satsing på skulebibliotek er også Kulturrådet sitt hovudinnspel til regjeringa sitt arbeid med leselyststrategi.