Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek slår seg saman med Nasjonalbiblioteket

NLB-bygget i mørket. Foto: NLB

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) blir ein del av Nasjonalbiblioteket frå 1. juli 2023 melder Kultur og likestillingsdepartementet

I ei pressemelding frå regjeringa seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen at målet er eit enda betre tilbod til målgruppa. Nasjonalbiblioteket skal vere eit nasjonalbibliotek for alle, også for dei av oss som har vanskar med å lese vanleg tekst.

NLB og Nasjonalbiblioteket har sidan 2005 vore samlokalisert på Solli plass i Oslo, og har i fleire år hatt eit utstrekt administrativt samarbeid.

Samanslåinga inneber ikkje noko endring for NLB verken når det gjeld innhaldet i oppdraget eller talet på tilsette.

 – Det er mange gode grunnar til at NLB og Nasjonalbiblioteket no blir ei og same verksemd. Vi på Nasjonalbiblioteket har ansvar for utviklinga av bibliotektilbodet til folk i Norge, det ansvaret bør sjølvsagt óg inkludere dei som har behov for tilrettelagd litteratur. I tillegg er det ein stadig større overlapp mellom det Nasjonalbiblioteket gjer og det NLB gjer, praktisk, teknisk og som tilbod til folk, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre i pressemeldinga