Regjeringa gir tilskot for å styrke skulebiblioteka

Regjeringa gir 17 millionar kroner til 26 kommunar som har søkt om tilskot for å styrke skulebiblioteka.

Tilskota er del av Nasjonal bibliotekstrategi 2020 – 2023 Rom for demokrati og dannelse, og midlane vert fordelt av Utdanningsdirektoratet.

Målet med tilskota er blant anna å styrke arbeidet med lesestimulering, og å skape ein arena for leseglede. Tilskota vil også bidra til at skulebiblioteka blir brukt meir systematisk i opplæringa, og styrke samarbeidet mellom bibliotekarar og lærarar.

Her er dei 26 kommunane som har fått tilskot, og pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet