Nytt nettkurs: Startpakke for meirope bibliotek

For å hjelpe dei som ynskjer å setje i gang med meirope har fylkesbiblioteka i Rogaland, Vestfold og Telemark, Viken og Vestland gått saman om å utvikle nettkurset «Startpakke for meråpent». Kurset tek utgangspunkt i erfaringar frå ei rekke bibliotek, og gir verdifull starthjelp til nyetableringar.

Foto: Lene Neverdal

Det er ikkje å kome vekk frå at mange kan synes arbeidet med å få innført meirope kan verke omfattande og uoverkommeleg. Ein veit ikkje i kva ende ein skal starte, eller kva element som inngår i prosessen. Her kan startpakka hjelpe.

Startpakka har to hovuddelar. Den fyrste delen «Om meråpne bibliotek», går inn på ein del problemstillingar rundt det å innføre meirope. Kva fører dette til av nye oppgåver eller meirarbeid? Kva med tryggleik? Og kva med at meirope blir sett på som innsparingstiltak?

I del to, «Hva gjør du?», går ein grundig gjennom prosessane med å få på plass meirope i kommunen, som finansiering, tekniske løysingar, lokalet, anskaffingsprosessar og personverntiltak.

Et meråpent bibliotek er en gave til lokalsamfunnet. Å låse seg inn i sitt eget bibliotek klokken åtte fredag kveld gir en ny følelse av eierskap, frihet og tillit.

Prosjektleder Britt Ellingsdalen

Nasjonalbiblioteket har gjeve støtte til utviklinga av nettkurset, og kurset ligg på bibliotekutvikling.no. Kurset er gratis og tilgjengeleg for alle som registrerer seg. Kurset krev ikkje forkunnskapar, og du kan gå gjennom det i den rekkefylgja du ynskjer og etter behov.